20.02.2017

Tjuande februar

Tjuande februar 1944 kom Lew Soloff til verda i New York City. Trompetisten Soloff er i mi platehylle kreditert for å spele på Ian Hunter si andre soloplate All American Alien Boys (1976), Aretha Frankling si plate Aretha frå 1980, på eit spor på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread Or Alive, som kom på marknaden i 1981, i tillegg til at han spelar på Paul Simon si studioplate Graceland frå 1986, og The Offbeat Of Avenues, som The Manhatten Transfer slepte i 1991. Solof døyde i 2015. I 1951 kom Gregory Beckerleg til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bryan Gregory var med då ekteparet Lux Interior og Poison Ivy starta bandet The Cramps i 1976. Mi platesamling byr på Bryan Gregory sitt gitarspel på samleplata … Off The Bone frå 1983. Bryan Gregory døyde like i nærleiken av Disneyland i Anaheim sør for storbyen Los Angeles i 2001. I 1953 vart Kristy Marlana Wallace fødd i San Bernardino i solrike California. Poison Ivy er truleg verdas sexyaste kvinnelege rockegitarist gjennom tidene og var med å starte garagepunkbandet The Cramps i 1976. Saman med ektemannen Lux Interior var ho den einaste faste medlemmen i bandet fram til Interior døyde i 2009 og bandet vart oppløyst. Statusen for Poison Ivy sitt gitarspel i mi platehylle omfattar, enn så lenge, den same samleplata som ovanfornemnde bandkollegaen Bryan Gregory, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, som vart spela inn over to dagar i februar 1983. I den kanadiske olympiabyen Vancouver kom David Georg Talor til verda. Bassisten Dave Taylor spelte fast for Bryan Adams i tida 1982 til 1998 og i mi platehylle kan han høyrast på plata Waking Up The Neighbours frå 1991. I 1959 kom Sebastian Steinberg til verda. Bassisten Steinberg kan i mi platehylle høyrast på eitt spor på Suzanne Vega si samleplate Tried And True – The Best Of Susanne Vega frå 1998. I 1963 kom Ian George Brown til verda i engelske Warrington. Ian Brown var vokalist i bandet The Stone Roses og sjølv om Brown har hatt ei suksessfull karriere etter at bandet la opp etter at dei gav ut den andre studioplata, The Second Coming i 1994 er det nettopp denne plata som er Brown sitt bidrag til mi platehylle. I 1967 vart Kurt Donald Cobain fødd i Aberdeen i delstaten Washington. Kurt Cobain var sjefen i Nirvana fram til han døyde i 1994. Eg var i heimbyen hans, Aberdeen, på den amerikanske vestkysten i 1995 og har ikkje noko problem med å forstå at ungdom frå ein så nitrist stad tek livet av seg. Hjå meg kan Cobain høyrast på studioplatene Bleach (1989), Nevermind (1991) og In Utero (1993), i tillegg til konsertplatene MTV Unplgged In New York (1994) og From The Muddy Banks Of Wishkah (1996). I 1972 kom Neil Primrose til verda i skotske Cumbernauld. Trommsien Primrose sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Travis si tredje studioplate The Invisible Band, som kom på marknaden i 2001. I 1977 vart Edwin James Graham fødd i Great Yarmouth. Ed Graham var trommeslagar i bandet The Darkness og kan i mi platehylle høyrast på plata Permission To Land frå 2003. Graham slutta i bandet i 2008 på grunn av sviktande helse. I 1985 heldt Toy Dolls konsert på i Umist i Manchester. I 2002 gav danske D-A-D (Disneyland After Dark) ut plata Soft Dogs, produsent var Nick Foss. I 2006 kom det bergenske trashmetallbandet Manngard si debutplate, Circling Buzzards.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar