17.03.2016

Syttande mars

Syttande mars 1919 kom Nathaniel Adams Coles til verda i Montgomery i den amerikanske delstaten Alabama. Nat King Cole gjorde eigentleg sitt beste for å gå inn i historiebøkene som jazzpianist, men vert nok best hugsa for den mjuke barytonrøysta si. Cole er far til songarinna Natalie Cole, som gav nytt liv til somme av dei best kjende songane hans lenge etter at han var daud. Hjå meg kan Cole si fløyelsmjuke røyst nytast på samleplata The Trouble With Me Is You frå 1994. Nat King Cole døyde i 1965. I 1938 vart Bruno Glenmark fødd i svenske Tomelilla. Trompetisten Glenmark er gift med songerinna Ann-Louise Hansson og saman dreiv dei eige plateselskap, GlenDisc. Hjå meg kan Glanmark sin trompet høyrast på utvalde spor på samleplatene The Hits (1991) og Gold – The Greates Hits (1992), begge i regi av ABBA. I 1941 vart Paul Lorin Kantner fødd i San Francisco i California. Paul Kantner gjorde etter kvart stor suksess med hippiebandet Jefferson Airplane og han kan hjå meg høyrast på konsertplata Somebody To Love-Live, og på David Crosby si solodebutplate If I Could Only Remember My Name frå 1971. I 1944 vart John Benson Sebastian Jr. fødd i Greenwich Village i New York. John Sebastian er for dei fleste best kjend for å ha starta bandet The Lovin’ Spoonful, men i mi platesamling er han å høyre som gitarist på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965. I 1951 kom William Scott Gorham til verda i Glendale i California. Gitaristen Scott Gorham fekk gitaristjobben i Thin Lizzy i 1974 og er ein av dei som framleis er med å halde liv i det gamle hardrockbandet. Hjå meg kan Gorham høyrast på samleplata Dedication: The Very Best Of Thin Lizzy frå 1991, og Phil Lynott si soloplate The Phillip Lynott Album frå 1982. I 1954 kom Bjørn Eidsvåg til verda i ein bergsprekk kalla Sauda. Rockepresten har ein lang veg å gå for å komme inn på lista over mine favorittartistar, og det er ikkje eg som har plassert ei av platene hans i hylla, men plata Landet Lenger Bak står der, litt for seg sjølv. I 1957 vart Adriana Kaegi fødd i Sveits. Kaegi tok som attenåring turen til USA med det formål å slå seg opp i underhaldningsbransjen. Saman med ektemannen August Darnell starta ho opp Kid Creole And The Coconuts, som har to titlar på plass i mi platehylle, i tillegg kan Kaegi høyrast med bakgrunnsvokal på U2 si studioplate War frå 1983. I 1963 kom Michael Lee Ivins til verda i Omaha i Nebraska. Bassisten Michael Ivins er ein av grunnleggjarane av The Flaming Lips, som har lurt plata At War With The Mystics frå 2006 inn i mi platehylle. I 1965 var Johnny Cash i studio og spela inn songen Mister Garfield, om presidenten som vart skoten i eit attentat på slutten av det nittande hundreåret. Songen vart originalt gjeve ut på plata Johnny Cash Sings The Ballads Of The True West og kan i tillegg høyrast på samleplata Murder frå 2000. I 1967 kom William Patric Corgan til verda i Elk Grove Village i Illinois. Billy Corgan er sjefen i Smashing Pumpkins og representert med fire studioplater i mi platehylle, Siamese Dream (1993), Mellon Collie And The Infinite Sadness (1995), Machina/The Machines Of God (2000) og Zeitgeist (2007), i tillegg til samleplata Greatest Hits, som ikkje står på lista over bandet sine offisielle utgjevingar. Corgan kan også høyrast medan han spelar bass på songen Hit So Hard på Hole si plate Celebrity Skin frå 1998. I 1971 var ei av tidenes beste rockegrupper, The Who, i Record Plant studio i New York for å spele inn songane Pure And Easy, Baby, Don’t You Do It og ein alternativ versjon av Behind Blue Eyes. Dei gjekk også i gang med innspelinga av låta Love Ain’t For Keeping, som vart fullførd seinare. Alle songane er tilgjengeleg på plata Who’s Next, som vart tilgjengeleg for sal seinare same året. I 1972 kom Melissa Auf Der Maur til verda i den kanadiske olympiabyen Montreal. Bassisten Auf Der Maur har spelt med både Fountains Of Wayne og The Smashing Pumpkins, men er best kjend for å spele i Hole, der ho rakk å spele inn plata som er eit av hennar bidrag til mi platehylle, Celebrity Skin (1998) før ho skifta beite. Auf Der Maur kan hjå meg også høyrast på ei sjølvtituelert soloplate. I 1975 kom Justin David Hawkins til verda i Surrey. Justin Hawkins var frontfigur i det engelske glamrock bandet The Darkness og hjå meg kan han høyrast på debutplata Permission To Land frå 2003. I 1983 var Toy Dolls invitert til Royal Banquet Hall i badebyen Whitley Bay for å underhalde og eg vert ikkje forundra om stemninga stod i taket. I 1985 var det engelske metallbandet Iron Maiden på plass for å spele i eit utseld Long Beach Arena i California for fjerde kvelden på rad. I 1990 slepte Ozzy Osbourne konsert-Ep-en Just Say Ozzy, som vart spela inn på diverse konsertar november året før. Dette var også dagen Ric Grech døyde. I 1992 kom Twisted Sister si fyrste samleplate. Den fekk namnet Big Hits And Nasty Cuts og er ei flott blanding av gruppa sine beste studioinnspelingar og konsertopptak. Også Tears For Fears nytta dagen til å sleppe ei samleplate, den hadde tittelen Tears Roll Down og tok for seg bandet sine største hits i perioden 1982-1992.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar