06.03.2016

Sjette mars

Sjette mars 1937 kom den vetle Kansas-byen Forth Riley sin største son, Benneth Keith Schaufele, til verda. Ben Keith tente til levebrødet sitt ved å spele steel-guitar og dobro, og han var med setje preg på den amerikanske Country & Western-scena på femti- og sekstitalet. Keith gav ut to soloplater og spelte med artistar som mellom anna The Band, David Crosby, Warren Zevon og Todd Rundgren. Best kjend er Keith likevel for å vere ein del av Neil Young sitt faste husband, og han har spelt på meir enn eit dusin av Young sine soloplater. Keith kan i mi platesamling høyrast på Neil Young-platene Tonight’s The Night (1975), American Stars’n Bars (1977), Comes A Time (1978), Hawks & Doves (1980), This Note’s For You, frå 1988, utvalde spor på samleplata Greatest Hits (1998), i tillegg til Young si tjuefemte studioplate Silver And Gold frå 2000. Om denne handfullen frå Neil Young ikkje skulle vere nok, kan Keith også høyrast medan han spelar på Emmylou Harris si plate Pieces Of The Sky frå 1975, og på utvalde spor på den triple samleplata The Bootleg Series Vol 1-3, som Bob Dylan slepte i 1991. Keith døyde i 2010. I 1946 vart David Jon Gilmour fødd i engelske Cambridge. Gitaristen David Gilmour slo seg saman med Pink Floyd i 1967 og vert rekna som ein av verdas framste gitaristar. Hjå meg høyrer du Gilmour sitt gitarspel på ei av verdas mestselgjande plater, Dark Side Of The Moon, som moderbandet Pink Floyd slepte i 1973, samt på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I 1951 vart Brian Gibson fødd i den Nord-aust-engelske Nordsjø-hamna Newcastle upon Tyne. Trommeslagaren Gibbons kan hjå meg høyrast medan han held takten for gamlebandet til AC/DC-songaren Brian Johnson, Geordie, på samleplata Can You Do It frå 1997. I 1964 kom Stephen Gregory Bier Jr til verda i pensjonistbyen Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida. Tangentmannen Madonna Wayne Gacy heldt ut med Marilyn Manson frå 1989 til 2007 og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Mechanical Animals frå 1998, og konsertplata The Last Tour On Earth, som kom på marknaden i 1999. I 1969 vart Aslag Guttormsgard fødd. Guttormsgard er ein del av det kreative kunstnerfellesskapet Duplex og er sentral i band som Black Debatt og Hurra Torpedo. Hjå meg høyrer du Guttormsgard medan han spelar bass på kompisen Egil Hegerberg sitt prosjekt Bare Egil Band si debutplate Absolutt Ikke Bare Egil Band frå 1996. I 1977 vart Warren Anderson Mathis fødd i Virginia Beach i Virginia. Rapparan Bubba Sparxxx kan i mi platehylle høyrast på Justin Timberlake si solodebutplate Justified frå 2002. I 1980 var det (She Goes La La La To) Finos i Sunderland som fekk si andre vitjing av Toy Dolls. I 1983 spela Toy Dolls i Bowes Lyon House i Stevenage. I 1986 fekk folk i Borås høve til å nyte Toy Dolls, det var mogleg på Rockborgen. I 1990 gav Bel Canto ut andreplata si, Birds Of Passage, på den amerikanske marknaden, då hadde, heldigvis, plata allereie vore tilgjengeleg for oss europearar ei stund. I 1997 døyde Bobby Dyson. I 2001 nytta den bergenske duoen Kings Of Convenience dagen til å få platedebuten Quiet Is The New Loud ut i butikkhyllene. I 2009 døyde David Williams. I 2011 døyde Herman Ernest III. I 2013 døyde Alvin Lee.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar