07.03.2016

Sjuande mars

Sjuande mars 1946 vart Peter W. Blankfield fødd i bydelen The Bronx i New York City. Songaren Peter Wolf er best kjend for å synge i J. Geils Band, og har i tillegg markert seg som låtskrivar, men i mi platehylle er han kreditert for å bidra med perkusjon på Ted Nugent si plate Penetrator frå 1984. I 1952 kom Ernest Isley til verda i Cinncinnati i Ohio. Multiinstrumentalisten Ernie Isley er ein viktig komponent i familiebandet The Isley Brothers og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar ulike instrument på studioplata Tracks Of Life frå 1991. I 1953 kom Kenny Aronoff til verda i Albany i New York. Trommeslagaren Aronoff er ein høgt skatta studiomusikar og CV’en inneheld namn som Alice Cooper og Johnny Cash. Hjå meg kan Aronoff sitt stødige arbeid høyrast på platene Big Daddy, som var John Mellencamp sitt bidrag til populærkulturen i 1989, The Fire Inside, som Bob Seger & The Silver Bullet Band slepte på marknaden i 1991, Bat Out Of Hell II: Back Into Hell og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose, som var Meat Loaf sine bidrag til platemarknaden i 1993 og 2006, Your Little Secret, Skin og Lucky, som Melissa Etheridge slepte høvesvis i 1995, 2001 og 2004, Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, og Alanis Morissette si plate So-Called Chaos frå 2004. I 1961 var Miles Davis på plass i Columbia 30th Street Studio i storbyen New York. Der spela han inn songane Pfrancing og Drad Dog for plata Someday My Prince Will Come, som kom ut seinare same året. Med seg i studio denne dagen hadde trompetlegenda Hank Mobley på tenorsaksofon, Wynton Kelly på piano og Paul Chambers på bass, medan Jimmy Cobb trakterte trommene. I 1969 gav The Who ut singelen om den døve, dumme og blinde guten som var ein djevel til å spele flipperspel. Pinball Wizard er kan hende den best kjende låten frå rockeoperaen Tommy og klatra til ein fjerdeplass på listene. I 1986 var Toy Dolls komen til Danmark og Helsingør for å spele, Toldkanneren var namnet på staden der denne underhaldninga gjekk føre seg. I 1988 vart det spelt inn ein promovideo for That’s The Way I Wanna Rock’n Roll. Artistane var AC/DC. I 2005 platedebuterte Kaizer Chiefs med Employment.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar