22.05.2014

Tjueandre mai

Tjueandre mai 1935 kom Barron W. Rogers til verda i The Bronx i New York City. Salsamusikaren Barry Rogers kom frå ein musikalsk familie og har spela med legender som Tito Puente og Elton John. Hjå meg kan Rogers sin trombone høyrasat på Peter Tosh si studioplate Wanted Dread And Alive (1981), og samleplata Sister Sledge, som Sister Sledge slepte i 1996. Rogers døyde i 1991. I 1956 vart Natasha Shneider fødd i Moskva. I mi platehylle er Shneider lista som ein av ei rekkje gjestemusikarar på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002, og for å spele klavinett på plata Superunknown, som Soundgarden slepte i 1994. Shneider døyde av kreft i 2008. I 1957 kom Anne Grete Preus til verda i sildebyen Haugesund. Noregs rockedronning herja ungdomshus og konserthus med Veslefrikk og Can Can på sytti- og åttitalet, før ho solodebuterte med Hotel St. Pauli i 1988. Hjå meg finn du studioplatene Alfabet (2001) og Når Dagen Roper (2004). I 1958 vart Lisa Dal Bello fødd i den kanadiske storbyen Toronto. Songerinna Dalbello har slepte fleire plater som soloartist, hjå meg høyrer du røysta hennar som bakgrunnsvokal på Alannah Myles si debutplate Alannah Myles frå 1989. I 1959 kom Steven Patric Morrisey til verda i engelske Davyhulme. Den kontroversielle veganaren og dyrevernaren Morrisey er kjend som ein av den moderne populærmusikken sine vanskelegaste og mest eksentriske karrakterar og er, kan hende, like kjend for kontroversielle utsegn som for musikken sin. Verda sitt fyrste møte med Morrisey kom då han spela saman med supergitaristen Johnny Marr i The Smiths, seinare har han pleia ei solokarriere med ein liten, men ganske så trufast fanskare. Mi platehylle byr på The Smiths sine studioplatenr Meat Is Murder frå 1985, og Strangeways, Here We Come, som vart slept i 1987, og på samleplata Louder Than Bombs, også den frå 1987, i tillegg til to av Morrisey sine soloplater, studioplata Viva Hate (1988), og samleplata The World Of Morrisey (1995). I 1967 vart Dan Roberts fødd i canadiske Winnipeg. Bassisten Roberts spelar til vanleg i Crash Test Dummies og kan hjå meg høyrast på plata God Shuffeled His Feet frå 1993. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnet og spelte inn Join Together. Songen vart gjeve ut som singel i juni same år. I 1977 døyde Hampton Hawes. I 1980 var gutane i Toy Dolls på puben, nærare bestemt Round Robin Pub i Sunderland. I 1990 slepte Madonna plata I’m Breathless. Plata var soundtrack til kinofilmen Dick Tracy med den tidlegare storsjarmøren Warren Beaty i hovudrolla. I 2001 bydde dagen på plateslepp for The Dickies, produktet hadde namnet All This And Puppet Stew og var bandet si sjette studioplate. I 2013 spelte Bon Jovi for eit fullsatt Koengen i Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar