11.05.2014

Ellevte mai

Ellevte mai 1947 kom Claude Hudson Trucks til verda i Jacksonville i Florida. Butch Trucks er den eine av to trommeslagarar i bandet som er kreditert for å vere opphavet til omgrepet Sørstatsrock, The Allman Brothers Band. Hjå meg kan Trucks sine taktfaste merittar høyrast på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band First Set frå 1992. I 1965 vart Greg Dulli fødd i Cincinnati i Ohio. Dulli vart fyrst kjend som vokalist i bandet Afghan Wigs, som prydar platehylla mi med platene What Jail Is Like (1994) og Black Love frå 1996. Dulli er i dag leiar av prosjektet The Twilight Singers, som enno ikkje er på plass i mi platehylle, men med tanke på tidlegare merittar har det ein soleklar plass på ynskjelista. I 1966 kom Christoph Schneider til verda i Berlin i Aust-Tyskland. Schneider tenar til dagleg til livets opphald som trommeslagar i Rammstein. Same dag vart Christiane Hebold fødd i tyske Hohenthurm. Bobo er best kjend for sitt eige band, men kan hjå meg høyrast medan ho hjelp Rammstein med bakgrunnsvokal på plata Sehnsucht frå 1997. I 1971 fullførte The Who innspelinga av The Song Is Over i Olympic Studios. I 1979 slepte The Clash singelen I Fought The Law, som klatra til ein tjueandreplass på dei britiske singellistene. I 1981 døyde den jamaikanske reggaeartisten Bob Marley på eit sjukehus i Miami i Florida, etter ei stunds sjukeleie. I 1982 la Iron Maiden ut på den nordamerikanske delen av verdsturneen sin, 104 konsertar som oppvarmar for mellom anna Rainbow og Judas Priest venta dei langhåra engelskmennen. I 1992 slepte Iron Maiden plata Fear Of The Dark som debuterte på fyrsteplass på listene og som sjølvsagt er på plass i mi platehylle. Same dag spelte Jethro Tull i Berlin og foreviga songen Bourée som kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 kom The Hooters si femte studioplate, Out Of Body, der produsenten Joe Hardy var med på laget. I 1998 var det endeleg klart for verdslansering av Garbage si plate Version 2.0. I 2005 slepte Gorillaz si andre plate, studioplata Demon Days, ut på marknaden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar