10.05.2014

Tiande mai

Tiande mai 1946 vart Graham Gouldman fødd i engelske Broughton. Gouldman song og spelte både gitar og bass i det engelske kunstrockbandet 10CC, som hadde stor suksess på syttitalet og vert rekna som ein av dei britiske øyane sine viktigaste musikkeksportar. Hjå meg kan Gouldman høyrast på samleplata Live In Concert Volume One. Same dag vart Donovan Philips Leitch fødd i den skotske storbyen Glasgow. Donovan har ei omfattande sjølvstendig karriere med fleire store hits, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate Billion Dollar Babies frå 1973 han kan høyrast. I 1952 kom Lee Collinson til verda i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Lee Brilleaux var med å starte det engelske pubrockbandet Dr. Feelgood i 1971 og var med bandet til han døyde i 1994. Hjå meg er plata Primo frå 1991 einaste bidrag så langt. I Kingston på Jamaica vart Lowell Fillmore Dunbar fødd. Trommeslagaren Sly Dunbar kan hjå meg høyrast på Peter Tosh si plate Wanted Dread And Alive frå 1981. I 1953 kom Alex Foster til verda i den tidlegare industribyen Oakland i California. Sakofonisten Foster har deltatt på ulike jazzsesionar sidan tidleg på syttitalet, hjå meg kan han høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986, og på samleplata Sister Sledge som kom ut i same Sister Sledge sitt namn i 1996. I 1957 vart John Simon Richie fødd i London. Sid Vicious vart hyra inn som bassist i Sex Pistols etter at dei hadde sparka Glenn Matlock for å like The Beatles. Vicious er betre kjend for sin ikoniske verdi enn for sine musikalske bidrag til musikksoga og toppa det heile med å ta livet av kjærasten Nancy Spungen like før han sjølv døyde. Hjå meg kan Vicious høyrast på samleplata Flogging A Dead Horse. Vicious døyde av ein overdose i 1979. I Houston i Texas kom Carleen Cassandra Anderson til verda. Songerinna Carleen Andreson har gjort suksess i england og i mi platehylle kan ho høyrast på Paul Weller si sjuande studioplate Studio 150 frå 2004. I 1960 kom Paul David Hewson til verda i Dublin. Bono er best kjend for arbeidet han har gjort som vokalist i U2 og kan hjå meg høyrast på plata War frå 1983. Bono er også kredittert for å spele munnspel på Melissa Etheridge si plate Brave And Crazy frå 1989. I 1975 vart Torbjørn Brundtland fødd i Tromsø. Brundland er den eine halvleiken av elektronikaduoen Röyksopp og kan i mi platehylle høyrast på debutplata Melody A.M. frå 2001. I 1977 var AC/DC å sjå på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One, der dei spelte Problem Child. I dag er dette opptaket tilgjengeleg på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte australske The Birthday Party plata Junkyard, som nådde ein anstendig syttandeplass på dei engelske platelistene, mykje takka den britiske radioverten John Peel. I 1992 slepte Gary Moore plata After Hours. Same kveld var Jethro Tull i Praha og One White Duck vart foreviga og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 gav Blur ut plata Moderne Life Is Rubbish, og Rancid platedebuterte med plata Rancid. I 1994 platedebuterte Weezer med ei sjølvtittelert plate som gjerne vert kalla The Blue Album og inneheldt slagaren Buddy Holly. Produsent var den gamle Cars-sjefen Ric Ocasek, som også bidrog med litt bakgrunnsvokal. I 1998 døyde Lester Butler. I 1999 var det klart for Basement Jaxx si debutplate, Remedy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar