23.07.2013

Tjuetredje juli

Tjuetredje juli 1928 kom bassisten William James Edwards Lee III til verda i Snow Hill i Alabama. Bassisten Bill Lee sitt arbeid kan høyrast hjå artistar som Harry Bellafonte og Aretha Franklin, men i mi platesamling er det på Bob Dylan si plate Bring It All Back Home frå 1965 ein kan høyre han. I 1930 vart saksofonisten Richie Kamuca fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Kamuca var ein del av West Coast jazz-scena og kan hjå meg høyrast på plata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Kamuca døyde i 1977. I 1943 kom Tony Joe White til verda i Oak Grove i Louisiana. Tony Joe White er ein av landevegens cowboyar, som har levert sterke plater jamnt og trutt sidan sekstitalet, og oppnådd status som musikkarfavoritt. Salstala har nok ikkje alltid vore slik ein skulle håpe på, men det var det for Tina Turner, som hadde ein kjempehit med White sin song Steamy Window på plata Foreign Affair frå 1989, og som er White sitt bidrag til mi platehylle som gitarist. I 1946 kom Andrew Mackay til verda i idylliske Cornwall. Multiinstrumentalisten Andy Mackay er best kjend for tida han trakterte ulike blåseinstrument for Roxy Music og kan hjå meg høyrast på samleplata More Than This frå 1995. I 1950 kom Blair Thornton til verda i olympiabyen Vancouver. Gitaristen Thornton har sitt daglege virke i det kanadiske rockebandet Bachman-Turner Overdrive og hjå meg kan arbeidet han høyrast på samleplata The Very Best Of, som kom på marknaden i 2001. I 1952 vart Janis Siegel fødd i Brooklyn i New York City. Songerinna Siegel slo seg saman med vokalgruppa The Manhattan Transfer i 1973 og i mi platehylle høyres ho på plata The Offbeat Of Avenues frå 1991. I 1961 kom Martin Lee Gore til verda i motorbyen Dagenham. Martin Gore har skrive mesteparten av låtane som Depeche Mode har spelt inn og er bandet si eigentlege stjerne. I mi platehylle finn du Gore sitt arbeid på studioplatene A Broken Frame (1982), Music For The Masses (1987) og Playing The Angel (2005). I 1964 vart Tim Kellett fødd i Knaresborough i engelske Yorkshire. Tangentmannen Kellett kan hjå meg høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1965 kom Saul Hudson til verda i den engelske pottemakarbyen Stoke-on-Trent. Hudson er best kjend som Slash og kan hjå meg høyrast som sjefsgitarist på dei fem fyrste platene Guns N’Roses slepte, Appetite For Destruction, Lies, Use Your Illution I & II, og The Spaghetti Incident, han spelar også med supergruppa Velvet Revolver, som også har teke plass i platehylla mi med debutplata Contraband frå 2004. I 1968 vart Nick Menza fødd i den bayerske hovudstaden München. Trommeslagaren Menza er best kjend for å ha tromma takten for Megadeth frå 1988 til 1998 og kan i mi platesamling høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1970 var Jimi Hendrix i studio med Band Of Gypsies og spelte inn Angel, som seinare vart ein hit for den skotske fotballentusiasten Rod Stewart. I 1973 kom Francis Healey til verda i Stafford i engelske Staffordshire. Fran Healey syng og spelar tangentar i Travis og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate The Invisible Band frå 2001. I 1982 var det høve for publikum på Honeysuckle i Gateshead å høyre Toy Dolls. I 1984 hadde Toy Dolls teke turen til Hollywood for å spele på Logics. I 2011 døyde Amy Winehouse.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar