02.07.2013

Andre juli

Andre juli 1927 vart saksofonisten Lee Allen fødd Pittsburg i Kansas. Allen var ein del av den amerikanske jazzscena på femtitalet, og han har spelt inn plater med Fats Domino og Little Richard. I mi platehylle kan Allen sitt saksofonspel høyrast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981. Allen døyde i 1994. I 1937 kom David Victor Palmer til verda i London. David Palmer spelte keyboard i Jethro Tull frå 1976 og kan hjå meg høyrast på platene Heavy Horses frå 1978 og samleplata Nightcap som er spela inn over fleire periodar på 1970-talet, men som ikkje kom på marknaden før i 1993. Palmer er i tillegg kreditert for orkesterarrangementa på ei rekkje Jethro Tull plater frå 1970-talet. Palmer har sidan skifta kjønn og går i dag under namnet Dee Palmer. I 1949 vart Roy J. Bittan fødd i Rockaway Beach i Queens i New York City. Roy «The Professor» Bittan er merritert tangentmann i Bruce Springsteen sitt E Street Band, i tillegg til høgt skatta studiomusikar for ei rekkje store artistar. Hjå meg kan Bittan høyrast på platene Bat Out Of Hell, som var Meat Loaf sitt bidrag til platehyllene i 1977, og The Distance, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1982. Bittan er også kreditert for å spele ulike tangentinstrument på Lucinda Williams si femte studioplate Car Wheels On A Gravel Road frå 1998. I 1950 vart Duncan Mackay fødd i den tidlegare så stolte engelske fotballbyen Leeds. Mackay spelar i mi platehylle keyboard på Kate Bush si plate Lionheart frå 1978, og horn på Tina Turner si plate Twenty Four Seven frå 1999, han er i tillegg kreditert som gjest på Prima Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I 1953 vart Mark Hart fødd i Fort Scott, det er i den amerikanske delstaten Kansas. Hart har vore innom britiske Supertramp, men hjå meg kan han høyrast på Crowded House si plate Together Alone frå 1993. I 1956 fekk Elvis Presley hjelp av The Jordanaires til å spele inn Don’t Be Cruel og Hound Dog. I 1965 kom Ulf Ivarsson til verda i svenske Gävle. Bassisten Ivarsson kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Thåström på hans sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1979 gav Neil Young & Crazy Horse ut plata Rust Never Sleeps. Plata hadde ei akustisk og ei elektrisk side då vinylutgåva kom på marknaden. I dag får ein alt på ei side i digitalt format. I 1982 fekk dei frammøtte sjå at Toy Dolls heldt hus i Civic Hall i Gosforth. I 1983 kom singelen The Trooper frå Iron Maiden på marknaden, meisterverket nådde tolvteplass på listene. I Newbottle kunne Toy Dolls høyrast i Working Mans Club. I 1985 kom Gunnhild Eide Sundli til verda på Orkdal. Songaren Gunnhild Sundli hadde vokalrolla i Gåte og kan hjå meg høyrast på plata Iselilja frå 2004. I 2002 døyde Ray Brown. I 2008 døyde Natasha Shneider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar