18.07.2013

Attande juni

Attande juli 1938 kom Ian Andrew Robert Stewart til veda i Fife i Skotland. Pianisten Ian Stewart er best kjend for å spele for Rolling Stones, eit band han var medlem av fram til 1963, men i mi platehylle kan tangentspelet hans nytast på Stray Cats si plate Gonna Ball frå 1981, og på samleplata The Baddest Of George Thorogood & The Destroyers frå 1992. Stewart døyde i 1985. I 1953 vart Neil Stubenhaus fødd i Bridgeport i Connecticut. Bassisten Stubenhaus, med ei fortid i Blod Sweat & Tears, kan i mi platehylle høyrast på Bette Midler si plate Some People’s Lives frå 1990, Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, i tillegg til Lisa Stansfield si sjølvtittelerte plate, også den frå 1997. I 1954 vart Richard Lee Skaggs fødd i Cordell i Kentucky. Strengevirtousen Ricky Skaggs sitt bidrag til mi platehylle finn du på Emmylou Harris si plate Pices Of The Sky frå 1975. I 1955 vart Terry Chambers fødd i engelske Swindon. Trommeslagaren Chambers var ein av grunnleggjarane av det britiske New Wave-bandet XTC og mi platehylle byr på trommespel på plata Black Sea frå 1980. Chambers og bandet skilde lag i 1983. I 1957 kom Julian Keith Levene til verda i engelske Wood Green. Keith Levene var ein av grunnleggjarane av Public Image Ltd. og kan i mi platehylle høyrast på plata Metal Box (Second Edition) frå 1979. I 1962 vart Jack Steven Irons fødd i Los Angeles i California. Trommisen Jack Irons var ein av grunnleggjarane av Red Hot Chilli Peppers, men hjå meg er han kreditert for å halde takten på eit spor på Pearl Jam si tredje studioplate Vitaology frå 1994. I 1966 slepte The Byrds si tredje studioplate, Fifth Dimension. I 1968 kom Alex Désert til verda på Haiti. Hjå meg kan Désert, som til vanleg spelar i skabandet Hepcat, høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 1970 kom Gruffyd Maredudd Bowen Rhys til verda i walisiske Haverfordwest. Gruff Rhys er gitarist og vokalist i det walisiske bandet Super Furry Animals, som har levert fleire sterke plater sidan starten i 1993. Hjå meg høyrer du Rhys på studioplata Love Kraft (2005) og samleplata Songbook The Singles Vol 1 (2004). I 1981 reiste Toy Dolls til Middlesbrough for å spele på Plus One. I 1988 døyde Nico.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar