21.02.2013

Tjuefyrste februar

Tjuefyrste februar 1933 vart Eunice Kathleen Waymond fødd i Tryon i North Carolina. Nina Simone vert hugsa både som fantastisk jazzartist og som menneskerettsaktivist. Mi platehylle husar ei Greatest Hits-plate med denne fantastiske artisten. Simone døyde i 2003. I 1945 kom Paul Newton til verda i engelske Andover. Uriah Heep sin originalbassist, Newton, spelte på dei tre fyrste Uriah Heep-platene, Very ’Heavy, Very ’Umble (1970), Salisbury (1971) og Look At Yourself (1971), som alle som er interessert kan få høyre om dei kjem innom og leitar i hyllene mine. I 1949 vart Jeremiah Griffin Harrison fødd i Milwaukie i Wisconsin. Tangentmannen Jerry Harrison spelte på debutplata til The Modern Lovers, men er best kjend for å spele i Talking Heads. Hjå meg kan Harrison høyrast på konsertplata Stop Making Sense (1984) og samleplata Once In A Lifetime-The Best Of Talking Heads (1992). I 1952 vart Jean-Jacques Burnel fødd av franske foreldre i London. Burnel er mannen bak den gromme basslyden i The Stranglers og kan hjå meg høyrast på plata The Gospel According To Themeninblack frå 1981. I 1955 såg multiinstrumentalisten Larry Campbell dagens lys i metropolen New York City. Campbell, som trakterar så og seie alle strengeinstrument verda har å by på, fekk gleda av å bidra til mi platesamling gjennom å spele på Bob Dylan si plate Love And Theft frå 2001. I finske Loimaa kom Markku Juhani Valtonen til verda. Mato Valtonen var med i Leningrad Cowboys sidan starten i 1986 og hjå meg kan han høyrast medan han syng på studioplatene We Cum From Brooklyn (1992), Happy Together (1994) og Go Space frå 1996, i tillegg til filmmusikken til den legendariske roadmovieen Leningrad Cowboys Go America (1989) og konsertplata Live In Provinzz frå 1993. Valtonen slutta i bandet i 1997. I 1962 vart Mark Arm fødd i regnfulle Seattle i delstaten Washington, og fekk fullt namn Mark McLaughlin. Mark Arm er best kjend for å ha tent til livets opphald som vokalist og gitarist i grungebandet Mudhoney, og han har i seinare tid turnert som gjestevokalist for eit attforeina MC5, men hjå meg må ein ty til plata Clean As A Broke-Dick Dog med supergruppa The Monkeywrench for å høyre han spele. I 1967 kom den walisiske gitaristen James Dean Bradfield til verda i Pontypool. Bradfield spelar og syng til vanleg i det walisiske marxistiske bandet Manic Street Preachers. I mi platehylle kan Bradfield høyrast på studioplatene Generation Terrorists (1992), Gold Against The Soul (1993), The Holy Bible (1994) og This Is My Thruth Tell Me Yours (1998), og samleplata Lipstick Traces (A Secret History Of Manic Street Preachers) frå 2003. I 1972 gav Led Zeppelin ut singelen Rock And Roll frå plata Led Zeppelin IV, på B-sida var Four Sticks, og plata klatra berre til ein beskjeden førtiandre plass på listene, utan at det burde skremme nokon frå å høyre på produktet. I 1976 fekk sjåarane til det australske Nine Network stifte kjennskap med AC/DC. Det hendte på programmet Bandstand og sjåarane fekk både sjå og høyre at It’s A Long Way To The Top (If You Wanna Rock’n Roll). Resten av verda finn dette opptaket på DVD’en Plug Me In. I 1980 sa West Cornfort Club i gruvebyen Durham velkomen til Toy Dolls. I 1981 var dette dagen Motörhead slepte The St. Valentines Day Massacre Ep laus på fansen. I 1985 kunne ein oppleve Toy Dolls på Electric Ballroom i London.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar