06.02.2013

Sjette februar

Sjette februar 1928 kom bassisten Nelson Boyd til verda i Camden i New Jersey. Boyd var innom både Carlie Parker og Dizzie Gillespie sine orkester, men i mi platesamling er det på Miles Davis si plate Birth Of The Cool basspelet hans kan høyrast. Boyd døyde i 1985. I 1931 vart jazzmusikaren John Pisano fødd på Staten Island i New York. Gjennom eit langt musikarliv har Pisano samarbeida med mange store artistar og hjå meg kan basspelet hans høyrast på Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1945 kom den jamaikanske reggaeartisten Robert Nesta Marley til verda i Nine Mile i Jamaica. Bob Marley er den internasjonalt best kjende reggaeartisten verda har sett og, i tillegg til det faste bandet, The Wailers, spelte han saman med dei to landsmenne Bunny Wailer og Peter Tosh. Bob Marley døyde i 1981. I 1946 vart Richie Hayward fødd i Clear Lake i Iowa. Trommeslagaren Hayward er best kjend for tida i Little Feat, men har også gjort seg merkt som studiomusikar. Hjå meg kan Hayward hørast medan han trommar på Ry Cooder si sjølvtittelerte debutplate frå 1970, og på Bob Seger And The Silver Bullet Band si plate The Fire Inside frå 1991. Hayward døyde av leverkreft i 2010. I 1953 vart AC/DC-gitarist og grunnleggar Malcolm Mitchell Young fødd i den skotske storbyen Glasgow. Saman med broren Angus har Malcolm Young hatt kontroll med AC/DC sidan den spede debuten i Melbourne i 1973 og saman har dei stått for klassikarar som Highway To Hell (1979) og Back In Black (1980). I 1954 kom Scott Kempner til verda i Bronx i New York City. Kempner var rytmegitarist i bandet The Dictators og kan i mi platehylle høyrast på deira debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1956 kom Jerry Marotta til verda i Cleveland i Ohio. Trommisen Marotta sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast medan han held takten for Robbie Robertson på plata Storywille frå 1991, og medan han hjelp til med litt tromming for 10 000 Maniacs på juksekonsertplata MTV Unplugged frå 1993. I 1957 vart Simon Phillips fødd i London. Trommeslagaren Phillips, med fortid i Toto, kan hjå meg høyrast medan han trommar på utvalde spor på Judas Priest si samleplate Metal Works ’73-’93 frå 1993, og på Joe Satriani si plate Flying In A Blue Dream frå 1989. I 1964 vart William Bruce Rose fødd i Indiana. W. Axl Rose er kjend som humørsjuk og lunefull vokalist i bandet Guns N’Roses. Hjå meg kan Rose høyrast på bandet sine fem fyrste plater, Appetite For Destruction (1987), G’N R Lies (1988), Use Your Illution I (1991), Use Your Illution II (1991) og The Spaghetti Incident (1993), og det er meir enn nok. I 1971 vart datoen prega av at Neil Young var i Quadrofonic Studios i countryhovudstaden Nashville og foreviga songen om mannen han kjøpte den flotte ranchen han eig i California frå, Old Man. Songen om den gamle mannen kan høyrast på plata Harvest, i tillegg til Greatest Hits og ei mengd samleplater. Den versjonen han spelar på DVD-plata Heart Of Gold frå Rhyman Auditorium i Nashville er ikkje å forakte for dei som likar å sjå gamle Neil spele live. I 1991 slepte The Isley Brothers studioplata Tracks Of Life, som ikkje var eit musikalsk høgdepunkt for brørne. I 1995 slepte Morrisey samleplata The World Of Morrisey. I 1996 spelte Dave Matthews og Tim Reynolds akustisk konsert på Luther College i Decorah i Iowa. Hendinga vart spela inn og gjeven ut som dobbel konsertplate med titelen Live At Luther College i 1999. I 1998 døyde Carl Wilson. I 2011 sovna ein femtiåtte år gamal Gary Moore inn for godt. Dette hendte så altfor tidleg og var ein trist dag for alle som elskar god gitarbasert musikk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar