16.12.2012

Sekstande desember

Sekstande desember 1939 kom Bernard Noël McKenna fødd i Irland. Banjo Barney McKenna var ein av grunnleggjarane av The Dubliners og kan hjå meg høyrast på konsertplata Live In Carré, i tillegg til fleire samleplater. McKenna er også kreditert for å spele banjo på Shane MacGowan & The Popes si plate The Snake frå 1995. McKenna døyde i 2012. I 1945 vart William Frederick Gibbons fødd i Houston i Texas. Billy Gibbons er den skjeggete gitaristen i den texanske bluesrockgruppa ZZ Top. Sjølv var eg heldig og fekk sjå ZZ Top i levande live i Oslo Spectrum i 1996, ei oppleving eg levde lenge på. I platehylla står, enn så lenge, dei svært så ulike platene Fandango (1975) og Recycler (1990). Gibbons bidreg også med grom gitarlyd på Queens Of The Stone Age si plate Lullabies To Paralyze frå 2005. I 1946 fekk verda framtidige Hep Stars-pianist Benny Bror Göran Andersson. Benny Andersson er meste kjent for tida i den svenske popgruppa ABBA, som serverte ei rekkje hits gjennom syttiåra, men har også, i samarbeid med kompisen Bjørn Ulveus, vore med å komponere musikalar som Chess. I 1959 var Count Basie med band i studio og spela inn songen Back To The Apple. Frank Foster og Joe Newman var solistar på tenorsaksofon og trompet. I 1973 vart Scott Spencer Storch fødd på Long Island like utanfor New York City. Plateprodusenten Scott Storch kan hjå meg høyrast medan han spelar keyboard på rapkollektivet D12 si debutplate Devil’s Night frå 2001. I 1981 spela AC/DC i War Memorial i Rochester. I 1982 var det publikum på Mitre i Newcastle som tok i mot dei unge mennene i Toy Dolls. I 1997 døyde Nicolette Larson. I 2001 døyde Stuart Adamson.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar