19.12.2012

Nittande desember

Nittande desember 1915 kom sporven Edith Piaff til verda som Edith Giovanna Gassion. Unge Piaf skal ha vokse opp i ein bordell i Normandie, før ho som femtanåring drog til Paris og hovdsakleg livnærte seg som gatesongarske før ho vart oppdaga og fekk platekontrakt. Piaf døyde i 1963. I 1929 vart jazzmusikaren Robert Brookmeyer fødd i Kansas City. Bob Brookmeyer kan høyrast på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. I 1935 kom Robert Henry Timmons til verda i Philadelphia. Pianisten Bobby Timmons sine leikne tonar kan hjå meg høyrast på Chet Baker si samleplate Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Timmons døyde i 1974. I 1941 vart Earth Wind & Fire-sjefen Maurice White til verda i rock’n roll hovudstaden Memphis i Tennessee. White sine bragder kan hjå meg nytast på plata Touch The World frå 1987. I 1944 vart supergitaristen Graham Barnes fødd i Nottingham. Alvin Lee starta bandet Ten Years After i 1960 og gjorde ein fantastisk konsert på Woodstock i 1969. Hjå meg kan du høyre Lee på bandet si sjette studioplate, Watt, frå 1970. I 1947 kom James Stewart Bain til verda i skotske Newtonmore. Bassisten Jimmy Bain har spela med Phil Lynnot i Thin Lizzy, men er mest kjend for å ha spelt i Rainbow og Dio. Hjå meg kan Bain høyrast på platene The Phillip Lynott Album, som Phil Lynott slepte i 1982, og Holy Diver (1983) og Dream Evil (1987) frå bandet til metallgnomen Ronnie James Dio. I 1951 vart John Gerrard McAvoy fødd i Belfast. Bassisten Gerry McAvoy er best kjend for samarbeidet med den irske gitaristen Rorry Gallagher og basspelet hans kan hjå meg høyrast på plata Calling Card frå 1976. I 1957 kom den australske bassisten Tracy Pew til verda. Tracy Pew spelte i bandet The Birthday Party og kan hjå meg høyrast på plata Junkyard frå 1982. Pew døyde i 1986. I 1958 var Count Basie og bandet hans i studio og spela inn sin versjon av Quincy Jones sin The Midnite Sun Never Sets. Komponisten sjølv var arrangør, og solist var Marshall Royal på altsaksofon. I 1964 vart Kermitt Ruffins fødd i New Orleans i Louisiana. Trompetisten Ruffins, som er sterkt inspirert av Louis Armstrong, kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Robbie Robertson på plata Storyville frå 1991. I 1982 var det Legions Club i South Shields som var vertskap for Toy Dolls. I 1992 kom Alannah Myles si andre studioplate, Rockinghorse. I 1993 døyde Michael Clarke. I 2000 døyde Rob Buck.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar