03.06.2012

Tredje juni

Tredje juni 1926 vart poeten Allen Ginsberg fødd i New Jersey. Poeten Allen Ginsberg sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på The Clash si plate Combat Rock frå 1982, der han er kredittert for bakgrunnsvokal på songen Ghetto Defendant. Ginsberg døyde i 1997. I 1927 kom saksofonisten Homer Louis Randolph III til verda. Boots Randolph kan skilte med namn som Elvis Presley og Chet Atkins på ein lang og imponerande CV, men i mi platehylle er det på Johnny Cash si plate Orange Blossom Special frå 1965 dei leikne tonane frå saksofonen hans kan høyrast. I 1939 vart vokalist, gitarist og pianist i det kritikarroste engelske glamrockbandet Mott The Hoople, Ian Hunter Patterson, fødd i Oswestry i Shropshire. Ian Hunter har, i tillegg til eiga musikarkarriere, produsert plater for ei rekkje andre artistar, som mellom anna Billy Idol sitt band, Generation X. Fyrste Ian Hunter-songen eg høyrde var liveversjonen av Irene Wild frå plata Welcome To The Club frå 1980, eg var hekta, og i 1989 var eg heldig og fekk sjå Hunter saman med kompisen, supergitaristen Mick Ronson på Maxime i Bergen. Hjå meg høyrer du Ian Hunter på fleire Mott The Hoople-plater, i tillegg til fleire av soloplatene hans. I 1946 kom Michael James Dick til verda i Spokane i Washington. Trommeslagaren Michael Clarke er best kjend for arbeidet han gjorde med The Byrds, og hjå meg kan arbeidet hans høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. Clarke døyde av ei stadig skrumpande lever i 1993. I 1950 kom Susan Kay Quatro til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit ved Lake Michigan sine bredder. Suzi Quatro har utvilsamt vore med å forme mitt forhold til både lærkledde damer og kvinnelege bassistar, og eg er framleis vonbroten av at ho valgte å legge musikken på hylla for ei skodespelarkarriere. Heime hjå meg er dei største slagarane Quatro produserte på syttitalet samla på samleplata The Wild One The Greatest Hits frå 1990. I 1964 kom Kerry King til verda i storbyen Los Angeles. Gitaristen King var med å grunnleggje Slayer i 1981 og spelar med bandet framleis. Hjå meg kan King høyrast på konsertplata Decade Of Aggression frå 1991, han kan også høyrast medan han spelar på Beastie Boys si debutplate Licensed To Ill frå 1986. I 1978 nytta Blondie denne datoen til å spele inn Once I Had A Love (aka The Disco Song). Denne tidlegare uutgjevne perla er å finne som bonuskutt på nyutgjevingar av plata Parallell Lines som opphavleg kom september same år. I 1981 starta Iron Maiden sin fyrste USA-turné i gamblinghovudstaden Las Vegas i den ugjestmilde Nevada-ørkenen. Førti konsertar som oppvarming for Judas Priest venta. I 1997 gav Faith No More ut si sjette studioplate med den treffande tittelen Album Of The Year. Om plata levde opp til tittelen kan sikkert diskuterast, men som det meste av det andre den galne gjengen spela inn og gav ut, er det absolutt verdt å låne øyret til om ein ikkje har noko anna å høyre på. På vår kant av verda var det Bel Canto som stod for platesleppet denne dagen, deira bidrag fekk tittelen Birds Of Passage.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar