05.06.2012

Femte juni

Femte juni 1932 vart Peter Ceragioli, jr fødd i idylliske New Haven i Connecticut. Pianisten Pete Jolly kan du høyre om du følgjer med på fjernsynsseriar som Mash og Dallas, men i mi platehylle kan du nyte pianospelet hans på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992. Pete Jolly døyde i 2004. I 1943 kom Michael Davis til verda i den ein gong så stolte bilbyen Detroit i Michigan. Bassisten Davis kan i mi platesamling høyrast som ein del av rytmeseksjonen i MC5 på plata Back In The USA frå 1970. I 1951 vart Ellen Foley fødd i St. Louis. Foley har gjeve ut fleire plater på eiga hand, men er beste kjend for samarbeidet med Meat Loaf. I mi platesamling kan Foley også høyrast som korist på Ian Hunter si plate Welcome To The Club frå 1980, og på The Clash si plate Combat Rock, som kom på marknaden i 1982. I 1957 vart John Fumo fødd i Kenosha i Wisconsin. Trompetisten Fumo kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate This Note’s For You frå 1988. I 1970 var Led Zeppelin i Olympic Studios i London for å spele inn Page og Plant sin song Poor Tom. Resultatet av denne seansen kan høyrest på samleplata Coda, som kom på marknaden i 1982. I 1972 var The Who i Olympic Studios i Barnes for å produsere Long Live Rock. Songen enda opp på samleplata Odds & Sods, eit produkt som kom på marknaden i oktober 1974. Også Johnny Cash var i studio denne dagen, det skal ha hendt heime i Hendersonville og hans produkt fekk tittelen Big Foot. Big Foot kom med på plata America frå 1972 og kan elles høyrast på samleplata Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 var Toy Dolls attende på The Bell i Hordon for andre gong på under ei veke. I 1982 sa Exibition Park i Newcastle velkomen til Toy Dolls. I 1992 nytta Iron Maiden dagen til å spele opninga av Fear Of The Dark World Tour i verdas mest avsidesliggande metropol, Reykjavik. Ein passande stad etter som den geografiske plasseringa kombinert med den ljose årstida gjorde at bandet kunne stå uredde i kveldssola og spele for dei frammøtte islendingane. I 2001 kom Manu Chao si andre studioplate Próxima Estación: Esperanza. I 2002 minnast dagen for at den alltid like energiske Dee Dee Ramone gjekk bort etter å ha teke ein overdose. I 2003 gav stadionrockarane i Metallica ut plata St. Anger. Dette var bandet sitt åttande studioalbum og med på laget var bassisten Robert Trujillo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar