09.06.2012

Niande juni

Niande juni 1941 vart Jon Douglas Lord fødd i Midt-England. Jon Lord er best kjend for å spele tangentar i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast på studioplata Machine Head frå 1972, Burn (1974), Come Taste The Band (1975) og Perfect Stranger (1984), i tillegg til samleplata Power House frå 1977. I 1949 kom Andrew Francis Kenneth Monkman til verda i London. Francis Monkman spelar Hammond Orgel for Kate Bush på plata Lionheart frå 1978. I 1950 var dette fødselsdagen for Trevor Bolder. Bolder er best kjend for å ha traktert bassen i Uriah Heep, der han erstatta John Wetton. Bolder kan hjå meg høyrast på platene Fallen Angel, frå 1978 og Raging Silence frå 1989. Bolder si merittliste omfattar også spel med bysbarnet Mick Ronson frå Hull. Dei spelte saman i bandet The Rats, noko som leia til at Bolder var eit naturleg val då bassen skulle trakterast på Ronson sine soloplater frå fyrste halvleik av 1970-talet. Desse platene står alle høgt på ynskjelista mi. I 1951 kom Peter Gill til verda i den nitriste engelske stålbyen Sheffield. Pete Gill har traktert trommene for fleire store engelske band, som mellom anna Saxon, som i mi platehylle er representert med Wheels Of Steel frå 1980. Gill kan hjå meg også høyrast medan han trufast slår takten på Motörhead si plate Orgasmatron frå 1986, han er i tillegg kreditert for fleire spor på samleplata No Remorse frå 1984. I Los Angeles kom James Newton Howard til verda. Hjå meg høyrest Howard sitt tangetspel på Ricke Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, og på plata The Fire Inside, som Bob Seger And The Silver Bullet Band slepte i 1991. I 1963 vart Gilad Atzmon fødd i Tel Aviv. Saxofonisten Atzmon kan hjå meg høyrast på Robert Wyatt si plate Comicopera frå 2007. I 1970 vart Edmund John Simons fødd i London. Ed Simons er til dagleg halvparten av electronicaduoen The Chemical Brothers og har selt eit utal plater, og hausta Grammynominasjonar. Mi platesamling byr på plata Push The Button frå 2005. I 1982 kunne ein voksande skare South Shilds-fans ta i mot gutane i Toy Dolls i New Crown. I 1993 bydde brørne Førde og resten av dei muntre musikantane i Brazz Brothers opp til fest i Grieghallen under dei årlege festspilla i Bergen. Med seg på scenen hadde dei Tatunane frå Tanzania og Hukwe Zawose. Denne konserten kan høyrast på den drivande gode plata Afrobrazz som kom ut seinare same året. I 1998 slepte Grant Lee Buffalo plata Jubilee. I 2001 slepte Ash singelen Sometimes, som inneheldt totalt sju spor, med andre ord mykje bra musikk for pengane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar