13.05.2012

Tolvte mai

Tolvte mai 1912 kom den amerikanske klarinettisten Marshall Royal til verda i Oklahoma. Royal spelte saman med Count Basie i meir enn tjue år og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Royal døyde i 1995. I 1942 vart den engelske bandleiaren Ian Robins Dury fødd i Harrow, ikkje langt frå den pulserande storbyen London. Ian Dury sleit med polio sidan ungdomen, men det hindra han ikkje i å spele inn fleire hitlåtar, som Sex, Drugs & Rock’n Roll og Hit Me With Your Rhythm Stick. Eg er stolt av å endeleg kunne seie at eg eig platene New Boots And Panties og Do It Yourself. Begge er kjøpt på tilbod på Posten for tjuefem kroner stykket. Kupp. Dury gjekk dessverre så altfor tidleg bort i 2000. I 1945 kom Ian Patrick McLagan til verda i Hunslow. Ian McLagan herja hitlistene seint på seksti- og tidleg på syttitalet med Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på plata Long Player frå 1971. McLagan er også kreditert for spel på diverse tangentar på Melissa Etheridge-platene Never Enough frå 1992, Yes, I Am frå 1993, i tillegg til Ryan Adams si plate Love Is Hell frå 2004. I 1956 vart Gregory Arthur Phillinganes fødd i Michigan. Greg Phillinganes er ein merritert tangentmann og kan hjå meg høyrast på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1958 kom den amerikanske trommeslagaren Eric Singer til verda i byen som i følgje Ian Hunter rockar, Cleveland. Singer, som har døypenamnet Eric Doyle Mensinger, har tromma for store namn som Black Sabbath og Alice Cooper, før han erstatta Eric Carr som trommis i Kiss og kan hjå meg høyrast på plata Alive III. I 1961 vart William Henry Duffy fødd i Manchester. Billy Duffy er gitarist i det engelske bandet The Cult, og kan hjå meg høyrast på plata Born Into This frå 2007. I 1962 vart Bad Religion-gitaristen Bret Gurewitz fødd i Los Angeles. Gurewitz var med og starta Bad Religion så tidleg som i 1979, men har hoppa av fleire gonger, for så å slå seg saman med gamle punkvenner igjen. Som sjef for Epitaph Records har han også vore med og forme karrieren til Rancid, som er eit anna band som tek opp plass i platehylla mi. I 1981 var singelen Grey Day galningane i Madness sitt bidrag på listene. Platekjøparane svara med å skaffe den alltid like livlige oktetten ein fin fjerdeplass og songen kan, for dei som ikkje hadde høve til å kjøpe originalinnspelinga, høyrast på samleplata The Heavy Heavy Hits. I 1987 døyde Victor Feldman. I 1992 var Jethro Tull i Frankfurt og dei som stappar liveplata A Little Ligth Music i spelaren kan høyre Life Is A Long Song frå denne konserten. Same dag slepte The Black Crows den andre studioplata si, den fekk namnet The Southern Harmony And Musical Companion. I 1998 gav Soul Asylum ut plata Candy From A Stranger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar