10.05.2012

Tiande mai

Tiande mai 1946 vart Graham Gouldman fødd i Broughton. Gouldman song og spelte både gitar og bass i det engelske kunstrockbandet 10CC, som hadde stor suksess på syttitalet og vert rekna som ein av dei britiske øyane sine viktigaste musikkeksportar. Same dag vart Donovan Philips Leitch fødd i den skotske storbyen Glasgow. Donovan har ei omfattande sjølvstendig karriere, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Alice Cooper si plate Billion Dollar Babies frå 1973 han kan høyrast. I 1952 kom Lee Collinson til verda i hamnebyen Durban i Sør-Afrika. Lee Brilleaux var med å starte det engelske pubrockbandet Dr. Feelgood i 1971 og var med bandet til han døyde i 1994. Hjå meg er plata Primo frå 1991 einaste bidrag så langt. I 1957 vart John Simon Richie fødd i London. Sid Vicious vart hyra inn som bassist i Sex Pistols etter at dei hadde sparka Glenn Matlock for å like The Beatles. Vicious er betre kjend for sin ikoniske verdi enn for sine musikalske bidrag til musikksoga. Vicious døyde av ein overdose i 1977. I 1960 kom Paul David Hewson til verda i Dublin. Bono er best kjend for arbeidet han har gjort som vokalist i U2 og kan hjå meg høyrast på plata War frå 1983. Bono er også kredittert for å spele munnspel på Melissa Etheridge si plate Brave And Crazy frå 1989. I 1977 var AC/DC å sjå på programmet The Old Grey Whistle Test på BBC One, der dei spelte Problem Child. I dag er dette opptaket tilgjengeleg på DVD’en Plug Me In. I 1982 slepte australske The Birthday Party plata Junkyard, som nådde ein anstendig syttandeplass på dei engelske platelistene, mykje takka den britiske radioverten John Peel. I 1992 slepte Gary Moore plata After Hours. Same kveld var Jethro Tull i Praha og One White Duck vart foreviga og kan høyrast på konsertplata A Little Light Music frå 1992. I 1993 gav Blur ut plata Moderne Life Is Rubbish. I 1994 platedebuterte Weezer med ei sjølvtittelert plate som gjerne vert kalla The Blue Album og inneheldt slagaren Buddy Holly. Produsent var den gamle Cars-sjefen Ric Ocasek. I 1999 var det klart for Basement Jaxx si debutplate, Remedy.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar