17.05.2012

Syttande mai

Syttande mai 1955 vart gitaristen Pat Irwin fødd. Pat Irwin har gjeve sitt bidrag til fleire band på New York sin pønkscene i overgangen mellom sytti- og åttitalet, men hjå meg finn du gitarspelet hans på plata Good Stuff, som The B52s gav ut i 1992. I 1957 kom Paul Andrews til verda i den engelske hovudstaden. Paul di Anno var Iron Maiden sin fyrste vokalist og røysta hans kan høyrast på dei to fyrste studioplatene bandet gav ut, Iron Maiden og Killers. I 1965 såg Michael Trent Reznor dagens ljos i Mercer i Pennsylvania. Reznor er best kjend som mannen bak industrimetallprosjektet Nine Inch Nails, ei gruppe som prydar platehylla mi med plata Things Falling Apart frå 2000. Reznor kan også høyrast som gjestevokalist på songen Past The Mission frå Tori Amos si plate Under The Pink frå 1994. I 1966 spelte The Byrds inn Hey Joe (Where You Gonna Go), som i dag kan høyrast på plata Fifth Dimension. I 1973 kom Joshua Michael Homme til verda i Joshua Tree i California. Josh Homme er best kjend som den kreative krafta i gruppa Queens Of The Stone Age, som er noko av det grommaste rocken har å by på for tida. Queens Of The Stone Age-platene Songs For The Deaf frå 2002 og Lullabies To Paralyze er på plass i platehylla mi, og fleire står på ynskjelista. I 1982 gjekk U2 i studio for å byrje innspelinga av plata War. I 1992 gav Melissa Etheridge ut plata Never Enough, som var hennar tredje studioplate og sikra ho ein Grammy for beste kvinnelege vokalprestasjon med låten Ain’t It Heavy. I 1994 kom Violent Femmes si plate New Times. I 1996 døyde Kevin Gilbert. I 1999 gav Moby ut plata Play.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar