21.07.2011

Fyrste juli

Fyrste juli 1945 kom songarinna og superblondina Deborah Ann Harry til verda. Debbie Harry er best kjend som vokalist i det amerikanske New Wave/Punk-bandet Blondie, men etter som eg er ein gut med røter på landsbygda, er eg naiv nok til at eg har svidd mine pengar på soloplata Rockbird frå 1986. Denne plata står nok som ein parentes i karrieren hennar, og i platehylla mi, diverre. Men etter at eg høglydt har lova å kjøpe Blondie-plater ei stund er det med glede eg no kan melde at Parallele Lines (1978) med klassikarar som Picture This og Heart Of Glas endeleg er på plass i hylla. I 1951 vart ein annan markant skapning i platesamlinga mi, Frederick William Schneider III, fødd. Fred Schneider er ein av frontfigurane i det Athens, Georgia baserte New Wave bandet B52s, som han var med å starte i 1976. Schneider kan høyrast på platene Cosmic Thing frå 1989, Dance This Mess Around (1990) og Good Stuff, som kom på marknaden i 1992. I 1964 var dette andre og siste innspelingsdag av John Coltrane Quartet si plate Cresent. I 1971 kom Melissa Arnette Elliot til verda. Missy ”Misdemeanor” Elliot har markert seg i fleire delar av underhaldningsindustrien og kan i mi platesamling høyrast på plata Miss E...So Addictive frå 2001. Fredag fyrste juli 1977 var Ramones på Kelly’s Pub i St. Paul, Minnesota. Dei som løyste billett til denne hendinga betalte $4 og fekk sjå Berlin & The Suicide Commandos varme opp for dei skinnkledde New York-rockarane. I 1983 spelte Toy Dolls i levande live på Dingwalls i Sheffield.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar