21.07.2011

Fjortande juli

Fjortande juli 1912 vart den amerikanske visesongaren Woodie Guthrie fødd med det politisk korrekte namnet Woodrow Wilson Guthrie i Okemah i Oklahoma. Guthrie var ei stor inspirasjonskjelde for dei mange visesongarane som prega det amerikanske hippiemiljøet på sekstitalet. Guthrie døyde i New York i 1967. I 1960 vart songarinna Angelique Kpasseloko Hinto Hounsinou Kandjo Manta Zogbin Kidjo fødd i Ouidah i Benin. Den fleirfaldig Grammy-nominerte songarinna, som til vanleg kortar namnet sitt ned til meir lettfattelege Angelique Kidjo er sterkt representert i mi platesamling, og det er ikkje utan grunn. I 1971 vart Nicholas Jonathon McCabe fødd i St. Helens. Nick McCabe var gitarist i The Verve og mi samling byr på gitarspelet hans på plata Urban Hymns frå 1997. I 1975 spelte The Who inn Squeeze Box på Sheperton Sound Stage. Innspelinga vart gjort ved hjelp av Faces-sjefen Ronnie Lane sitt Mobile Studio og produsent var Glyn Johnes. I 1978 fekk platekjøparane høve til å investere i The Who sin singel Who Are You, som klatra til attandeplass på listene. I 1984 var Toy Dolls å sjå på scenen i Mabuhay Gardens i San Francisco, California. I 1992 gav slidegitaristen Roy Rogers ut si fyrste soloplate, Chops Not Chaps. I 1998 gav Beastie Boys ut plata Hello Nasty. I 2003 slepte dei walisiske marxistane i Manic Street Preachers samleplata Lipstick Traces.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar