30.06.2015
Trettiande juni
Trettiande juni 1949 vart Andrew David Scott fødd i Wrexham i Wales. Gitaristen Andy Scott var gitarist i Sweet og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of Sweet, som kom på marknaden i 1997. I 1951 kom Steven Charles Waller til verda i London. Gitaristen Steve Waller spelte i Manfred Mann’s Earth Band frå 1979 til 1983 og hjå meg høyrer du han på utvalde spor på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band Re-Mastered, som kom på marknaden i 1999. I 1957 vart Trond Berg fødd. Gitaristen Berg gjorde teneste i C C Cowboys frå 1989 til 1996 og spelte på bandet sine fem fyrste plater. Hjå meg kan Berg høyrast på samleplata Ekko CC Cowboys Beste frå 1998. I 1962 kom Lars Lillos Stenberg til verda i Oslo. Mannen har, i tillegg til å skrive tekst og melodi til dei fleste songane, også lånt namnet sitt til eit av dei mest markante banda i Noreg dei siste tretti åra, de Lillos. Mi platehylle inneheld følgjande sju meisterverk frå de Lillos: Suser Avgårde (1986), Før Var Det Morsomt Med Sne (1987), Hjernen Er Alene (1989), Svett Smil (1990), Varme Mennesker (1991), Neste Sommer (1993) og Kast Alle Papirene (1999). I 1964 vart Roger Miret fødd på Cuba. Agnostic Front-frontmannen Miret høyrer du hjå meg som hjelpevokalist på Rancid si plate Life Won’t Wait som kom på marknaden på Miret sin trettifireårsdag i 1998. I 1967 gav The Who ut sin versjon av Rolling Stones-låta Under My Thumb. Innspelinga var meint som støtte for dei to låtskrivarane Jagger og Richards som var fengsla for bruk av ulovlege narkotiske substansar. I 1975 slepte Uriah Heep si åttande studioplate, Return To Fantasy. I 1977 gav Kiss ut plata Love Gun og fekk, som fyrste gruppe nokon sinne, fire plater inne på Record World si topp 100 liste. Utgjevinga samanfall også med at teikneseriegiganten Marvel gav ut den fyrste Kiss-teikneserieboka, som selde i meir enn åtte hundre tusen eksemplar. I 1986 kom Madonna si tredje studioplate, True Blue. Plata skal ha toppa platelistene i så mykje som tjueåtte land over heile verda, noko som må seiast å vere ein grei prestasjon. I 1997 gav Prodigy ut plata The Fat Of The Land, som inneheldt superhitten Smack My Bitch Up. I 1998 slepte Lucinda Williams plata Car Wheels On A Gravel Road. Plata der countrydronninga Emmylou Harris hjelpte til på vokalen vart Williams si gjennombrottsplate og sikra ho ein stor plass i countrymiljøet. Same dag kom Rancid si plate Life Won’t Wait på marknaden. Plata var bandet si fjerde studioplate, og den siste dei gav ut på Epitaph Records.
29.06.2015
Tjueniande juni
Tjueniande juni 1948 kom Ian Anderson Paice til verda i skogvaktarheimbyen Nottingham. Trommeslagaren Ian Paice er kjend for stødig takt for tungrockarane Deep Purple og er den einaste av medlemmene som kan høyrast på alle bandet sine plater. I mi platesamling kan Paice høyrast på studioplatene Machine Head frå 1972, Burn (1974), og Come Taste The Band (1975), i tillegg til konsertplata Nobodys Perfect frå 1988, og samleplata Power House frå 1977. I 1951 vart William Hinsche fødd i Manila på Fillipinene. Billy Hinsche har jobba tett med The Beach Boys sidan slutten av sekstitalet og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tjuande studioplate 15 Big Ones frå 1976. I 1953 vart Mitchell Froom fødd i California. Froom har ei omfattande merittliste som plateprodusent, men kom opphavleg inn i musikkbransjen som keyboardspelar og var i perioden 1995 til 1998 gift med Susanne Vega. Hjå meg kan Froom sitt tangentspel høyrast på Elvis Costello si plate Mighty Like A Rose frå 1991, i tillegg til utvalde spor på eksen si samleplate Tried And True – The Best Of Suzanne Vega frå 1998. I skotske Kilwinning kom Collin James Hay til verda. Colin Hay var ein av grunnleggjarane av Men At Work og er i dag einaste gjenværande medlem. Hjå meg kan Hay høyrast på samleplata Contraband: The Best Of Men At Work frå 1996. I 1961 kom gitaristen Greg Hetson til verda i Brookly i New York City. Hetson har laga gitarbråk i diverse punkband sidan han starta si aktive karriere i 1979, og kan i mi platesamling høyrast på veteranane Bad Religion sine studioplater Stranger Than Fiction (1994) og No Substance (1998). I 1964 vart Paolo Costa fødd i motesentrumet Milano. Bassisten Costa sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Fiorella Mannoia si plate Belle Speranze frå 1988. Elles døyde Eric Dolphy, og Johnny Cash nytta dagen til å fullføre innspelinga av My Old Faded Rose. I 1975 døyde Tim Buckley. I 1992 gav Iron Maiden ut singelen From Here To Eternity. Songen klatra til tjuefyrsteplass på listene. I 2011 spelte ein sytti år gamal Bob Dylan i storform på Koengen i Bergen. Superstjerna si entré på Koengen fekk eit bastant skydekke til å sprekkje opp, og sjølv og røysta var rusten, trilla klassikarane ut som perler på ei snor. I 2013 spelte Johnny Winter med band i Oseana på Os, som ein del av Osøren blues og jazzfestival. Bandet gamle Johnny Guitar hadde med seg spelte tett og godt, men eg er langt frå fornøgd med det gamlingen sjølv leverte. Eg er faktisk litt i tvil om Herr Winter i det heile fekk med seg kor tamme greier det var han leverte. Skuffande.
28.06.2015
Tjueåttande juni
Tjueåttande juni 1960 vart Howard Kusten fødd i New York City. Bassisten Howie Pyro var med å grunnleggje både The Blesssed og D Generation og kan i mi platesamling høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I London kom Claudia Fontaine til verda. Claudia Fountaine er ein høgt skatta hjelpevokalist med mange store plateinnspelingar på merittlista. Hjå meg kan Fontaine høyrast på Joe Cocker si plate Across From Midnight frå 1997, i tillegg til Robbie Williams si storselgjande studioplate I’ve Been Expecting You (1998), eit spor på Tom Jones si plate Reload (1999), og på Studio 150, som Paul Weller slepte i 2004. I 1964 gjekk Johnny Cash i studio og byrja innspelinga av My Old Faded Rose. Innspelinga vart fullførd dagen etter, men hamna i arkiva fram til samleplata Love vart gjeven ut i 2000. I 1967 var The Who i CBS Studios i London og spelte inn ein versjon av rebellen Eddie Cochran sin legendariske sumarhit, Summertime Blues. Samstundes sat managerlegenda Kit Lambert i De Lane Lea Studios ein annan stad i storbyen og la siste hand på verket i produksjonen av The Who sin versjon av Stones-låta Under My Thumb. I 1970 spelte Janis Joplin og Full Tilt Boogie Band på The Canadian Festival Express. Full Tilt Boogie Band var set saman av John Till på gitar, Richard Bell som spelte piano, Ken Pearson på orgel, Brad Campbell på bass og trommeslagaren Clark Pierson. Frå denne konserten kan songen Tell Mama høyrast på plata Farewell Song frå 1982 og Try er i mi platesamling å finna på samleplata Janis. I 1977 kom Mark August Stoermer til verda i den amerikanske oljehovudstaden Houston i skytegale Texas. Mark Stoermer er bassist i det Las Vegas-baserte bandet The Killers, og hjå meg kan han høyrast på Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006), bandet sine to fyrste studioplater. I 1980 var Toy Dolls på farten i Hundingdon Club i Stanley. I 1981 vart George McCurdy fødd i Olney i Pennsylvania. Trommisen Spankey kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Justin Timberlake på hans debutplate Justified frå 2002. I 1993 kom den doble konsertplata Live & Loud frå den evigunge skrekkrockaren Ozzy Osbourne. I 2014 spelte Iron Maiden konsert på Koengen i Bergen og feststemte metallfans fekk ein real festaften.
27.06.2015
Tjuesjuande juni
Tjuesjuande juni 1942 kom Benjamin Baldwin til verda i Peoria i Illinois. Bruce Johston slo seg saman med The Beach Boys i 1965, men hadde pause frå bandet i perioden 1972 til 1978, noko som gjer at han ikkje er kreditert som fullverdig medlem, men som innleigd musikar på plata 15 Big Ones frå 1976, som er Johnston sitt einaste bidrag til mi platehylle, så langt. I 1958 vart Lisa Ruth Germano fødd i Mishawaka i Indiana. Multiinstrumentalisten Lisa Germano kan hjå meg høyrast medan ho spelar fiolin på John Mellencamp si plate Big Daddy frå 1989, i tillegg til platene The Fire Inside frå Bob Seger And The Silver Bullet Band, og Real Life frå Simple Minds, begge slepte i 1991. I 1973 spelte The Who inn 5.15 i Thesally Road i Battersea. 5.15 vart utgjeven som singel i september same året og nådde tjuandeplass på listene. Songen kan elles finnast på plata Quadrophenia og ei rekkje samleplater. I 1981 gav Motörhead ut konsertplata No Sleep ’Til Hammersmith. I 1989 kom The B-52’s si femte studioplate, Cosmic Thing, på marknaden. I 1993 stod The Smashing Pumpkins si andre studioplate, Siamese Dreams, i platehyllene. I 1995 slepte Bon Jovi sitt sjette studioalbum, These Days, som produserte ei rekkje singelhits, og 10cc slepte konsertsamleplata Live In Concert-Volume 1. I 2002 døyde The Who-bassisten John Entwistle på eit hotellrom i Las Vegas. Dødsårsaka var hjartestans. Same dag døyde Russ Freeman, også han i Las Vegas, truleg utan at det var nokon samanheng mellom dei to tragiske hendingane.
26.06.2015
Tjuesjette juni
Tjuesjette juni 1937 kom Reginald Workman til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Reggie Workman sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på John Coltrane si niande studioplate Olé Coltrane frå 1962, som er ei av tre plater Workman gjorde med Coltrane, og på Wayne Shorter si femte studioplate Juju frå 1964, og på same artist si tiande studioplate, Adams Apple frå 1966. I 1942 vart Samuel Taylor fødd i verdsmetropolen New York City. Bassisten Larry Taylor har spelt med store namn som Jerry Lee Lewis og Canned Heat, men i mi platehylle er det som ein del av Tom Waits sitt band han kan høyrast. Taylor sitt basspel kan høyrast på Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variations (1999). I 1943 kom Clive Powel til verda i engelske Leigh. Tangentmannen Georgie Fame spelar i mi platehylle på Van Morrison si plate Enlightenment frå 1990. I 1955 kom Michael Lewis Jones til verda i London. Mick Jones voks etter kvart opp til å bli gitarist i The Clash, eit karriereval som har gjeve han legendestatus over store delar av den vestlege verda. Jones sitt bidrag til platehylla mi kan høyraste på platene Combat Rock frå 1982, og samleplata The Singles, som vart slept i 2007. Jones samarbeidar også med tidlegare Clash-kollega Paul Simonon på Gorillaz-plata Plastic Beach frå 2010. I 1956 kom Christopher Joseph Isaak til verda i Stockton i California. Chris Isaak er artist og, innimellom skodespelar, og er representert med to titlar hjå meg, Wicked Game (1991) og San Francisco Days (1993), så langt, det kjem meir. I 1957 vart Patty Smyth fødd i New York City. Smyth har hatt suksess både som bandmedlem og soloartist, men er for tida best kjend for å vere gift med det tidlegare tennisesset John McEnroe. Hjå meg kan Smyth høyrast som hjelpevokalist på Bob Seger And The Silver Bullet Band si studioplate The Fire Inside frå 1991. I 1960 kom Richard Cottle fødd i walisiske Swansea. Multiinstrumentalisten Cottle livnærar seg som studiomusikar og kan i mi platesamling høyrast på Rod Stewart si studioplate Vagabond Heart (1991), og på eitt spor på landsmennene Manic Street Preachers si plate Generation Terrorists frå 1992. I 1969 kom Colin Charles Greenwood til verda i den engelske universitetsbyen Oxford. Bassisten Collin Greenwood spelar til dagleg i Radiohead og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Pablo Honey (1993) og OK Computer frå 1997. I 1979 kom Ivan Nathan Followill til verda i Oklahoma. Nathan Followill er trommeslagar i bandet Kings Of Leon, der han spelar samen med to av brørne sine. Hjå meg høyrer du brørne Followhill på plata Aha Shake Heartbreak frå 2004. I 1987 var Toy Dolls i Hendersons Hall i Newcastle. I 1990 slepte Sonic Youth si sjette studioplate, Goo. Dette var den fyrste bandet slepte på eit av dei store plateselskapa, Geffen, utan at det gjorde dei til kommersielle verdsstjerner. I 2007 slepte Ryan Adams si niande studioplate, Easy Tiger. I 2010 døyde Benny Powell. I 2013 døyde Anders Burman.
25.06.2015
Tjuefemte juni
Tjuefemte juni 1941 kom David Tyrone Walker til verda i Tulsa i Oklahoma. Gitaristen David T. Walker er ein høgt skatta studiomusikar som slepp gode soloplater i ledige stunder. I mi platehylle kan Walker sitt gitarspel høyrast på plata I Want You, sam Marvin Gaye slepte i 1976, samt Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980. I 1942 vart Joe Chambers fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Trommisen Chambers sitt bidrag til mi platehylle høyrast medan han held takten for Wayne Shorter på plata Adams Apple frå 1966. I 1945 kom Carly Elisabeth Simon til verda i metropolen New York City. Songerinna og forfattaren Carly Simon leverte fleire storselgjande singlar på syttitalet, med You’re So Vain som den best kjende. Simon sitt bidrag til mi platehylle heiter The Best Of Carly Simon, inneheld det meste av det beste frå Fru Simon, og kom på marknaden i 1975. I 1946 kom Allen Glover Lanier til verda på Long Island i New York. Allen Lanier var ein av grunnleggjarane av Blue Öyster Cult, der han spelte både keyboard og gitar. Lanier hadde eit opphald frå bandet frå 1985 til 1987 og slutta for godt i 2006. Hjå meg kan Lanier høyrast på studioplata Spectres frå 1977. Lanier er også kreditert for å spele keyboard på eitt spor på Patti Smith si studioplate Easter frå 1978. Lanier døyde i 2013. I 1954 vart David Frank Paich fødd i Los Angeles i California. David Paich er best kjend som tangentmann og komponist i Toto, men kan hjå meg høyrast medan han spelar piano på plata Diamonds & Rust, som Joan Baez slepte i 1975, keyboard og andre tangentinstrument på Aretha Franklin si plate Aretha (1980), keyboards på plata Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, og på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. Paich er også kreditert for å traktere tangentar på utvalde spor på samleplatene The Masters (Becker & Fagen) og Classic Mötley Crüe. I 1961 var Elvis Presley i studio og fekk festa (Marie’s The Name) His Lastest Flame til lydband. Musikken var ved The Jordanaires. I 1962 kom Phillip Christopher Jupitus til verda på den legendariske festivaløya Isle Of Wight i den engelske kanalen. Stand-Up komikaren Porky sitt bidrag til mi platehylle kan hjå meg høyrast på plata Workers Playtime, som Billy Bragg slepte i 1988. I 1963 vart Georgios Kyriacos Panayiotou fødd nord i London. Songaren George Michael vart kjend gjennom duoen Wham, men har seinare gjort seg merkt med ei suksessrik solokarriere, suplert med uheldige runkeepisodar på offentlege toalett. Hjå meg finn du Michael si soloplate Listen Without Prejudice Vol. 1 (1990), i tillegg til ein duett med Aretha Franklin på hennar plate Aretha, frå 1986. I 1969 kom Timothy Michael Linton til verda i Chicago i Illinois. Gitaristen Zim Zum slo seg saman med Marilyn Manson i 1996 og heldt ut med skrekkrockaren i to år, hjå meg kan han høyrast på studioplata Mechanical Animals frå 1998. I Morgan Studios i London gjekk Led Zeppelin i gang med innspelinga av We’re Gonna Groove. Resultatet kan høyrast på samleplata Coda som kom ut på Swan Song i 1982. I 1970 var Jimi Hendrix i Electric Ladyland Studios saman med Cry Of Love Band for å fullføre songen Freedom. Dei rakk òg å gjere dei fyrste innspelingane av Drifting. I 1971 kunne ein kjøpe ein kortversjon av ein av The Who sine signaturlåtar, Won’t Get Fooled Again, som singel. I 1988 døyde Hillel Slovak. I 1996 slepte Biohazard den fjerde studioplata si, Mata Leão. I 2002 kom det amerikanske Ska-punk-bandet Reel Big Fish med plata Cheer Up!, medan kultpunkarane i Sonic Youth slepte Murray Street, bandet si tolvte plate. I 2006 døyde Arif Mardin. I 2009 døyde Michael Jackson.
24.06.2015
Tjuefjerde juni
Tjuefjerde juni 1944 kom Geoffrey Arnold Beck til verda i Wallington ved London. Gitaristen Jeff Beck si karriere let seg vanskeleg oppsumere på liten plass, men tida med Yardbirds, Jeff Beck Group og ei rekkje andre samarbeidsprosjekt har resultert i uendeleg mykje bra musikk. I mi samling finn ein soloplata Who Else frå 1999. I tillegg kan Beck sitt brilliante gitarspel nytast på Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992. I tennisforstaden Wimbledon på ei anna side av London vart Mike de Albuquerque fødd. Bassisten Albuquerque spelte i Electric Light Orchestra frå 1972 til 1974 og kan hjå meg høyrast på samleplata Greatest Hits frå 1979. I 1947 kom Michael John Kells Fleetwood til verda i landsbyen Redruth i idylliske Cornvall på den engelske sørkysten. Trommeslagaren Mick Fleetwood voks opp i Johannseburg i Sør-Afrika og er sjølvaste Mr. Fleetwood Mac. Fleetwood har helde takten for det engelske bluesrockbandet frå byrjinga i 1967 og har overlevd alle besetningar. Hjå meg er Fleetwood representert med to bidrag frå Fleetwood Mac, samleplata Greatest Hits frå 1971, og den legendariske storselgjaren Rumours frå 1977. I tillegg kan Fleetwood høyrast medan han held takten for Johnny Cash på songen Sea Of Heart Break på plata Unchained frå 1996. I 1957 vart Terence Williams fødd i engelske Birmingham. Astro var ein av grunnleggjarane av UB40 og kan i mi platehylle høyrast på samleplata The Best Of UB40 vol. 1 frå 1987. I 1960 kom Siedah Garrett til verda i Los Angeles i California. Songerinna Garrett har vunne Grammy og har vore nomminert til Oscar. Hjå meg kan Garrett høyrast med hjelpevokal på Madonna si plate True Blue frå 1986, og på Rancid si studioplate Indestructible (2003), samt på utvalde spor på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte i 1995. I 1961 vart Curt Smith fødd i den engelske småbyen Bath. Smith var den eine halvleiken av den engelske duoen Tears For Fears og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Songs From The Big Chair (1985) og Elemental (1993), i tillegg til samleplata Tears Roll Down. I 1964 kom Niklas Hellberg til verda i Sverige. Hellberg er i mi platehylle kreditert for å spele på plata Kärlek Är För Dom, som var Thåström si sjette soloplate og kom på marknaden i 2009. I 1967 kom Richard Zven Kruspe til verda i den historiske byen Wittenberg. Richard Z. Kruspe er gitarist og hjelpevokalist i Rammstein som i mi platehylle kan høyrast på plata Sensucht frå 1997. I 1974 fekk verda servert Sweet Home Alabama frå sørstatsrockarane i Lynyrd Skynyrd. Songen med det drivande og lettkjennelege refrenget er eigentleg eit tilsvar på Neil Young sin song Southern Man, som ikkje er særleg flatterande for den gjennomsnittlege sørstatsamerikanar. I 1978 vart Nikolai Eilertsen fødd i Skotselv. Bassisten Eilertsen kan hjå meg høyrast på Bigbang sine plater Electric Psalmbook (1999), Clouds Rolling By frå 2000, Electric Psalmbook (2002) og Too Much Yang (2007).
23.06.2015
Tjuetredje juni
Tjuetredje juni 1929 kom Valerie June Carter til verda i Hiltons i Virginia. Komponisten og songerinna June Carter hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family frå siste helvleik av førtitalet, og var etablert som stor stjerne «over there», før ho innvolverte seg i det som, etter omvegar, vart eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har heile vegen pleia si eige karriere både som låtskrivar og artist og ho har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho har framført i duett saman med ektemannen i fleire versjonar. Hjå meg kan June Carter høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på ektemannens sine studioplater Orange Blossom Special (1965), The Johnny Cash Children’s Album (1974) og American III: Solitary Man (2004), konstertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), og den uautoriserte samleplata 54 Great Performances (2004). I tillegg kan June Carter høyrast med samlinga Collections der det er plukka ut utvalde duettar der ekteparet syng saman. Carter døyde i 2003. I 1956 vart Randall Darius Jackson fødd i Baton Rouge i Louisiana. Bassisten Randy Jackson har gjort seg merkt på ei rekkje frontar i underhaldningsbransjen, hjå meg kan han høyrast på Aretha Franklin si studioplate Aretha frå 1980, utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Journey slepte i 1988, på Pink Floyd-legandea Roger Waters si tredje soloplate Amused To Death frå 1992, og på Bon Jovi si plate These Days frå 1995. I 1958 vart Christopher John Holmes fødd i Glendale i California. Den sterkt alkoholiserte tidlegare W.A.S.P.-gitaristen Chris Holmes er utvilsamt ein av rockens største klyser. Karrieren hans etter at han forlét, eller vart sparka frå, W.A.S.P. har hatt ei sterkt nedoverpeikande kurve og sjølv om han stadig er involvert i nye prosjekt, er det klart for alle som bryr seg med å sjå etter at han lev mest på gamle merittar. I mi platesamling kan Holmes høyrast på samleplata First Blood. Last Cuts, som W.A.S.P. slepte i 1994. I 1959 kunne Big Hunk O’Love kjøpast på plate. Artist var Elvis Presley og bandet var leia av gitaristen Hank Garland. Platekjøparane heldt plata på fyrsteplassen i USA i to veker, i England heldt det berre til andreplass. I 1960 vart Brendan O’Brien fødd i Atlanta i Georgia. Produsent og musikar O’Brien har ei imponerande merittliste som produsent for andre musikarar, og i mi platesamling kan han høyrast medan han spelar orgel for Red Hot Chili Peppers på Blood Sugar Sex Magic (1991), gitar for Mick Jagger på plata Wandering Spirit (1993), Hammon-orgel på Pearl Jam si studioplate Vitaology (1994), og medan han trakterar pianoet på på eit spor på The Offspring si plate splinter frå 2003. O’Brien er også kreditert for å spele Hammond-orgel på Bob Dylan si konsertplate MTV Unplugged frå 1995. I 1962 kom Steven Jay Shelley til verda i Midlands i Michigan. Trommisen Steve Shelley slo seg saman med Sonic Youth i 1985 og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Goo (1990), Dirty (1992) og Murray Street (2002). I 1965 kom Paul Arthurs til verda i engelske Manchester. Gitaristen Bonehead Arthurs var ein av grunnleggjarane av Oasist, men hoppa av rockekarusellen i 1999. Hjå meg kan Arthurs høyrast på studioplatene Definitely Maybe (1994), (What’s The Story) Morning Glory (1995) og Be Here Now (1997). I 1967 var Miles Davis i Columbia 30th Street Studio og spela inn Sweet Pea, komponert av Wayne Shorter som var med på tenorsaksofon. Songen vart gjeven ut på samleplata Water Babies frå 1976. I 1992 kom B-52s si sjette studioplate, Good Stuff, på marknaden. På denne plata måtte den glade gjengen klare seg utan Cindy Wilson, ei av dei originale bandmedlemmene som i dag heldigvis er attende i bandet. I 1995 døyde Jack Schroer. I 1998 nytta R.E.M. medlemmen Pete Buck sitt sideprosjekt, Tuatara, denne dagen til å gje ut plata Trading With The Enemy. I 2000 slepte J.J. Cale samleplata Classics i plateselskapet Mercury sin Universal Masters Collection. I 2009 gav Cheap Trick ut plata The Latest. Denne kom som gratisbilag i Classic Rock Magazine si desemberutgåve året etter, og det er den eg har sikra meg. I 2010 døyde Pete Quaife.
22.06.2015
Tjueandre juni
Tjueandre juni 1936 kom Kristoffer Kristian Kristofferson til verda i Brownsville i skytegale Texas. Artisten, skodespelaren og tekstforfattaren Kris Kristofferson er best kjend for å ha skrive songar som Me And Bobby McGee, udødleggjort av Janis Joplin, og songen som skildrar fyllesjuke og einsemd betre enn nokon annan, Sunday Morning Coming Down. Dei som vitjar meg for å høyre Kristofferson sjølv synge, må nøye seg med å høyre det han gjorde saman med tre andre outlaws, Johnny Cash, Willie Nelson og Waylon Jennings, i gruppa Highwayman, eller å høyre han syngje bakgrunnsvokal på country-kompisen Willie Nelson si studioplate Accros The Borderline frå 1993. I 1943 kom Ralph Molina til verda i den karibiske øyprovinsen Puerto Rico. Trommisen Molina er best kjend for å halde takten for Neil Young sine husrockarar i Crazy Horse. Hjå meg Molina sitt trommespelet nytast på studioplatene Tonight’s The Night (1975), Zuma (1975), American Stars’N Bars (1977), Comes A Time (1978), Re-Ac-Tor (1981) og Sleeps With Angels frå 1994, samt på utvalde spor på samleplata Greatest Hits, som Neil Young slepte i 2004. I 1948 vart Todd Harry Rundgren fødd i Upper Darby i Pensylvania. Todd Rundgren var ein gong sett på som rocken sin nye wunderboy, han har ei fortid i bandet Nazz og har gjort ei rekkje soloinnspelingar, men han er likevel best kjend som ein høgt skatta studiomusikar og produsent. Hjå meg kan Rundgren høyrast på ei dobbelsamleplate med den fantasifulle tittelen The Definitive Rock Collection. Rundgren spelar også gitar og keyboard på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell, som Meat Loaf slepte i 1977, ei plate Rundgren produserte, og han syng bakgrunnsvokal på plata Bat Out Of Hell II: Back Into Hell, som var Meat Loaf sitt bidrag til platehyllene i 1993. Rundgren er også kreditert for bakgrunnsvokal på eitt spor på den tredje Bat Out Of Hell-plata The Monster Is Loose, som kom på marknaden i 2006. Og som om det ikkje var nok er Rundgren sjølvsagt kreditert for å utføre diverse funksjonar på utvalde spor på samleplata Hits Out Of Hell, som stod i plateyllene i 1984. I 1953 såg Cynthia Ann Stephanie Lauper dagens ljos i Queens i New York City. Artisten og skodespelaren Cyndi Lauper er best kjend for kjempehitten Girls Just Want To Have Fun, som plaga vettet av oss for meir enn tretti år sidan, men hjå meg er det som hjelpevokalist for The Hooters ho kan høyrast, nærare bestemt på songen Boys Will Be Boys frå plata Out Of Body frå 1993. I 1954 vart Robert James Beckingham fødd i engelske Chatham. Artisten Bobby Valentino er punkens framste felespelar og fast innslag i The Men They Couldn’t Hang, han opptrer stadig saman med Mark Knofler og Tom Petty. I mi platehylle kan Valentino sitt felespel høyrast på plata Brand Loyalty, som The Blues Band slepte i 1992. I 1956 kom Derek Forbes til verda i skotske Glasgow. Bassisten Forbes spelte med Simple Minds i perioden 1979 til 1985, før han fekk sparken. Forbes har seinare vore innom bandet i kortare periodar, men brukar i dag tida si i eit anna skots band, nemlig Big Country. Hjå meg kan Forbes høyrast, saman med resten av Simple Minds, med bakgrunnsvokal på Iggy Pop si plate Soldier frå 1980. I 1957 kom Garry William Beers til verda i den australske byen Manly. Bassisten Garry Gary Beers har tent til livets opphald i det australske bandet INXS og er representer på to ulike studioplater hjå meg, Listen Like Thieves (1985) og Welcome To Wherever You Are (1992). I 1960 var Count Basie i Columbia Studios for å spele inn Taps Miller, som kan høyrast på Atomic Swing, ei samleplate som kom på marknaden i 1999. I 1961 kom James William Somerville til verda i den skotske storbyen Glasgow. Songaren Jimmy Somerville er best kjend for å syngje i band som Bronski Beat og The Communards, men hjå meg er det som hjelpevokalist på Fine Young Cannibals si sjølvtitulerte debutplate frå 1985 han kan høyrast. I 1962 vart Andreas Frege fødd i tyske Düsseldorf. Frege nyttar signaturen Campino når til dagleg tenar til livets opphald i det ufatteleg kule bandet Die Toten Hosen, men i mi platesamling er det som gjestevokalist på songen Raise Your Voice frå Bad Religion si plate No Substance frå 1998 han kan høyrast. I Glasgow kom Robert Bernard Andrew Gillespie til verda. Bobbie Gillespie er sjefen i bandet Primal Scream, han har også gjort teneste som trommeslagar for bandet The Jesus And Mary Chain, der han hjå meg kan høyrast på debutplata Psychocandy. Hjå meg høyrer du i tillegg Gillespie på Primal Scream-platene Screamadelica (1991), XTRMNTR (2000) og Beautiful Future (2008). I 1964 vart Michael James Edwards fødd i London. Mike Edwards er både gitarist og vokalist i Jesus Jones og hjå meg kan han høyrast på plata Doubt frå 1991. I Providence i den amerikanske mikrostaten Rhode Island kom Richard Michael Barrett til verda. Radioverten Dicky Barrett har til vanleg både røtene og føtene solid planta i Ska- og Punkkulturen, hjå meg kan han høyrast med hjelpevokal på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I 2001 underheldt AC/DC på Stade De France i Paris. Dei frammøtte fekk høyre Hard As A Rock, Hells Bells og Ride On, som alle kan høyrast på DVD-samlinga Plug Me In. I 2004 slepte Wilco si femte studioplate A Ghost Is Born.
21.06.2015
Tjuefyrste juni
Tjuefyrste juni 1943 vart Eumir Deodato de Almeida fødd i den brasilianske storbyen Rio de Janeiro. Tangentmannen Eumir Deodato spelar til dagleg innom ulike sjangrar knytt til jazz. Hjå meg kan han høyrast medan han trakterar ulike tangentinstrument på utvalde spor på Kool And The Gang si samleplate Anthology – 20 Greatest Hits frå 1991. I 1944 kom Raymond Douglas Davies til verda i London. Songaren Ray Davies var den kreative krafta i The Kinks, som han starta saman med broren Dave. I dag er Davies kjend som ein gamal grinebitter som berre kritiserar andre musikarar for at dei ikkje veit noko om korleis god musikk skal lagast, noko han sjølv ikkje har gjort på ganske mange år. Hjå meg kan Davies høyrast på The Kinks-samleplata Greatest Hits. I 1946 vart Brenda Holloway fødd i Atascandero i California. Den sterkt religiøse tidlegare Motown-songerinna Holloway er i mi platehylle kreditert for bakgrunnsvokal på Buffalo Springfiled si andre studioplate Buffalo Springfield Again (1967) og Neil Young si sjølvtitulerte debutsoloplate frå 1968. Også Doug Hastings kom til verda denne dagen. Gitaristen Hastings satt i hine hårde dager inn for ein manglande Neil Young i Buffalo Springfield og kan i mi platesamling høyrast på bandet si andre studioplate Buffalo Springfield Again frå 1967. I 1948 vart Donald Airey fødd i den engelske hamnebyen Sunderland. Produsenten og tangentmannen Don Airey sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Judas Priest-songen A Touch Of Evil, som opphavleg var å finne på studioplata Painkiller, og som du hjå meg finn på samleplatene Metal Works ’73-’93 (1993) og The Essential Judas Priest (2006), samt at han er kreditert for å spele på Ozzy Osbourne si konsertplate Speak Of The Devil (1982). I 1950 vart Joseph Michael Kramer fødd i bydelen Bronx i New York City. Trommeslagaren Joey Kramer er mest kjend for å ha heldt takten for rockedinosaurane Aerosmith gjennom alle år. Hjå meg høyrer du Kramer på studioplatene Rocks (1976) og Draw The Line (1977). I Bergen kom Trygve Thue til verda. Gitaristen og plateprodusenten Thue var mannen bak drivande gitartonar og suverene vokalharmoniar i rockelegendene Saft. Thue har drive lydstudio i Bergen sidan 1976, og har spelt på ei uendeleg rekkje av plater og produksjonar. Så langt tel lista berre ei soloplate, den heiter Jeg – En Beach Boy og kom på marknaden i 1994. Thue er i mi platehylle også kreditert for gitarspel på vetlebror Ove si hyllestplate til fotballklubben SK Brann, Vi Går Frem (1995), og tangentspel på Mads Eriksen si instrumentalplate Journey 1990). I 1951 vart Nils Hilmer Lofgren fødd i Chicago i Illinois. Den Svenskætta gitaristen Nils Lofgren spelar til vanleg for Bruce Springsteen, men kan i mi platesamling høyrast på Neil Young si plate Tonights The Night frå 1975, samt på utvalde spor på den same Young si samleplate Greatest Hits (2004). I 1952 kom Marcella Levy til verda i Detroit i Michigan. Marcella Detroit, også kreditert som Marcy Levy, er dama som skreiv Eric Clapton-slagaren Lay Down Sally, og bidraget til mi platehylle finn du som hjelpevokalist på Alice Cooper si stuidioplate From The Inside frå 1978. I 1955 vart Henry Christian Priestman fødd i den engelske nordjøhamnebyen Kingston upon Hull. Tangentmannen Henry Priestman er best kjend for å spele i The Christians, men har omsider slept ei soloplate og er med det den eldste som har signert kontrakt som soloartist på eit av dei store plateselskapa (Island). Hjå meg kan Priestman høyrast medan han hjelp Echo And The Bunnymen med tangentspel på utvalde spor på samleplata Ballyhoo – The Best Of Echo And The Bunnymen frå 1997. I 1957 kom Mark Michael Brzezicki fødd i engelske Slough. Trommisen Mark Brzezicki er best kjend for arbeidet han gjorde med Big Country. Hjå meg kan han høyrast på plata The Seer frå 1986, i tillegg til utvalde spor på Ultravox si samleplate Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1961 vart José-Manuel Thomas Arthur Chao Ortega fødd i Paris. Manu Chao er ein av verdas framste artistar på den såkalla alternativscena. Han har gjeve ut plater med band som Hot Pants og Mano Negra, men har i dag ei solokarriere støtta av bandet Radio Bemba. Eg er lukkeleg eigar av soloplatene Clandestino (1998), Esperanza (2001) og Radio Bemba Sound System (2002). Frå gamle dagar er samlinga av Mano Negra-plater tilnærma komplett og inneheld titlar som studioplatene Patchanke, Putas Fever, King Of Bongo (1991) og Casa Babylon, samt konsertplata In The Hell Of Patchinko (1992) og samleplatene America Perdida (1991) og Best Of Mano Negra. For ordens skyld kan det nemnast at Chao også kan, truleg for å forvirre platekjøparane, eller avleie fiendar, finne på å nytte aliaset Oscar Tramor. I 1967 kom Tim Simenon til verda i London-bydelen Brixton. I mi platehylle er Bomb The Bass-sjefen kreditert for å ha lagt beats på Neneh Cherry si debutplate Raw Like Sushi frå 1989. I 1976 gav Gasolin’ ut si fyrste konsertplate, Live Sådan, ei dobbelplate som vart spela inn gjennom ein vinterturné same år. I 1980 kunne Toy Dolls opplevast på Walkerville Hotel i Catterick. Kvelden bydde også på konsert med Bob Seger & The Silver Bullet Band i Cobo Hall i Detroit i Michigan. We’ve Got Tonight på konsertplata Nine Tonight. I 1981 kom Richard Brandon Flowers til verda i Henderson i gamblingstaten Nevada. Brandon Flowers var ein av grunnleggjarane av bandet The Killers og kan hjå meg høyrast på bandet sine to fyrste studioplater, Hot Fuss (2004) og Sam’s Town (2006). I 1985 var Mötley Crue si tredje studioplate, Theatre Of Pain, på plass i butikkane. Plata er ei hylling av Hanoi Rocks sin trommeslagar Razzle, som omkom i ei bilulukke der Crue-vokalist Vince Neil var førar. I 1999 slepte No Fun At All konsertplata Live In Tokyo. I 2000 spelte Oasis på Wembley Stadium i London. Hendinga vart spelt inn og kan høyrast på plata Familiar To Millions som kom ut same året. I 2001 døyde John Lee Hooker.
Tjuande juni
Tjuande juni 1924 vart Chester Burton Atkins fødd i Luttrell i Tennessee. Gitaristen Chet Atkins gjorde seg merkt for den spesielle spillestilen sitn og gjorde ei rekkje instrumeltalhits på seksti- og syttitalet. Hjå meg kan Atkins sitt glitrande gitarspel høyrast på utvalde spor på Elvis Presley si samleplate 30 #1 Hits, som kom på marknaden i 2002. I 1928 kom Eric Allan Dolphy til verda i den solrike storbyen Los Angeles i California. Saksofonisten Eric Dolphy gjorde seg merkt på den amerikanske jazzscena på femti- og fyrste halvleik av sekstitalet og kan hjå meg høyrast på John Coltrane si plate Olé Coltrane frå 1962, og på konsertplata Live At Birdland – 1962, som kom på marknaden i 1963. Dolphy døyde i 1964. I 1939 vart Robert Neuwirth fødd i Akron i Ohio. På sekstitalet var songaren Bob Neuwirth ein del av sirkelen rundt Bob Dylan, han har gjeve ut fleire plater på eiga hand og han har samarbeidd med John Cale. Hjå meg kan Neuwirth si røyst høyrast på utvalde spor på samleplata The Bootleg Series Vol. 1-3, som Bob Dylan slepte i 1992. I 1942 vart verdas fremste strandgut, Brian Douglas Wilson, fødd i Inglewood i solrike California. Brian Wilson er kjend som komponist og bassist i Beach Boys og når sant skal seiast var han mannen bak både songane, dei flotte vokalharmoniane og den fantastiske sounden. I tillegg til eit par Beach Boys-samleplater av varierande kvalitet er eg så heldig at eg også eig studioplata 15 Big Ones (1976), samt to av Wilson sine soloplater, Pet Sounds Live frå 2002, og Presents Smile, som vart slept i 2004. Det er berre å konkludere med at sjølv om mykje av stoffet er gamalt, held det seg fantastisk bra og er vel verdt å lytte til også i dag. I 1948 kom Alan Longmuir til verda i Edinburgh. Longmuir spelte bass i bandet Bay City Rollers, eit band han, saman med broren Derek, var med å starte i 1966. Hjå meg kan Longmuir høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1949 vart Robert Charles Andrews fødd i den ein gong så stolte fotballbyen Leeds. Gitaristen Bob Andrews har ei fortid i eit av verdas mest undervurderte band, Brinsley Schwarz, og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Carlene Carter på utvalde spor på dobbel plate som inneheld studioplatene Two Sides To Every Woman og Musical Shapes. I 1968 vart Eric Dwayne Collins fødd i Long Beach i California. Raparen RBX kan i mi platehylle høyrast med vokalhjelp på Eminem si plate The Marshall Matters LP frå 2000, samt på Paid Tha Cost To Be Da Boss, som Snoop Dog slepte I 2002. I 1971 kom Jeordie Osbourne White til verda i Coral Springs i pensjoniststaten Florida. Bassisten og gitaristen Twiggy Ramirez spelar for Marilyn Manson, rett nok med eit opphald i perioden 2002 til 2008, men kan hjå meg høyrast på studioplata Mechanical Animals (1998), og konsertplata The Last Tour On Earth frå 1999. I 1973 var The Who i Ronnie Lane sitt mobile studio og spelte inn We Close Tonight. Songen var meint for filmen/plata Quadrophenia, men enda ei stund opp som eit uutgjeve spor, før det enda opp på samleplata Odds & Sods i 1974. I 1975 gav ein ung og aktiv Neil Young ut plata Tonight’s The Night. Plata bestod av opptak som var spela inn så lenge som to år tidlegare. I 1979 kom Charlotte Franklin Hatherley til verda i London. Gitaristen Charlotte Hatherley kan hjå meg høyrast på Ep-en Sometimes (2002) frå tida ho tenestegjorde i bandet Ash. I 1980 vart levande versjonar av Fire Lake og Night Moves spela inn i Cobo Hall i Detroit i Michigan. Artistar var Bob Seger & The Silver Bullet Band og musikken kan høyrast på konsertplata Nine Tonight som kom ut i april året etter. I 2000 slepte Madball plata Hold It Down. I 2003 vitja Angus og Malcolm Young dei aldrande rockarane i Rolling Stones på scena i tyske Leipzig. Opptaket frå rocken si geriatriavdeling nådde aldri fjernsynsskjermane, men trufaste fans kan nyte det på DVD-samlinga Plug Me In. I 2006 døyde Clydes Smith.
Nittande juni
Nittande juni 1948 vart Nicholas Rodney Drake fødd i den eksotiske storbyen Rangoon i det som i dag vert kalla Myanmar. Den engelske artisten Nick Drake rakk berre å gje ut tre plater frå han debuterte i 1969 og nådde aldri store salstal. Likevel vert Drake i dag rekna som ein av dei artistane som har hatt mest påverknad på engelsk popmusikk i dag. Hjå meg finn du debutplata Five Leafs Left (1969), og Pink Moon frå 1972, som var den siste plata han slepte. Drake døyde så altfor ung i 1974. I 1950 kom Ann Dustin Wilson til verda i San Diego i California. Ann Wilson spelar fløyte og er vokalist i bandet Heart, og hjå er ho meg representert med to titlar, Little Queen (1977), med ein av bandet sine best kjende låtar, Barracuda, og konsertplata Rock The House! Live, som kom på marknaden i 1991. I 1960 vart Luke Morley fødd i London. Gitaristen Morley er best kjend for arbeidet han gjorde med Thunder og kan i mi platehylle høyrast på bandet si andre studioplate, Laughing On Judgement Day frå 1992. I 1963 kom Simon Wright til verda i engelske Oldham. Wright er best kjend som trommeslagar for AC/DC i perioden 1983 til 1989, han har også spela med storleikar som Dio og UFO. I 1966 vart den norske songarinna Silje Nergaard fødd i Steinkjær. Hjå meg kan Nergaard høyrast på si eiga soloplate, At First Ligth frå 2001. I 1969 var Grand Funk Railroad i studio og spelte inn tre songar til bruk på plata On Time, som kom på marknaden like over sommerferien same året. Lista tel Call Yourself A Man, Can’t Be Too Long og Ups And Downs, og det er berre å nyte. I 1970 kom Brian Philliph Welch til verda i Torrance i California. Gitaristen Brian Welch, gjerne kalla «Head», var ein av grunnleggjarane av Korn, men sa takk for seg i bandet i 2005. Hjå meg kan Welch høyrast på samleplata Proud frå 2000. I 1973 vart Martin Curtis-Powel fødd i den engelske stålbyen Sheffield. Bassisten Martin Powel spelte tidlegare i Cradle Of Filth og kan hjå meg høyrast på plata Median frå 2000. I 1980 fekk frammøtt publikum høyre Bob Seger & The Silver Bullet Band framføre mellom anna Against The Wind og Feel Like A Number i Cobo Hall i Detroit i Michigan. Platekjøparane kan oppleve dette, med meir, på konsertplata Nine Tonight, som vart tilgjengeleg året etter. I 2001 slepte rapparane i D12 plata Devil’s Night, ein av produsentane var Eminem, ein av bandmedlemmene som verkeleg har gjort seg merkt på eiga hand, og plata gjekk til topps på dei amerikanske listene. I 2005 var Green Day i Milton Keynes og spelte andre og siste konsert som skulle ende opp som konsertplata Bullet In A Bible. I 2006 døyde Duane Roland.
Abonner på:
Innlegg (Atom)