01.01.2012

Trettifyrste desember

Trettifyrste desember 1943 kom Peter Alexander Greenlaw Quaife til verda i idylliske Devon på den engelske sørkysten. Pete Quaife var originalbassisten i The Kinks og spelte med bandet i den mest kreative og hitrike perioden, 1963 til 1969. Quaife døyde i 2010. I 1951 vart Tom Hamilton fødd på årets siste dag. Hamilton har tent godt til livets opphald som bassist i dei amerikanske rockedinosaurane Aerosmith og har sikkert ikkje angra på det karrierevalet. Bandet har tross alt selt fleire millionar plater sidan den spede byrjinga seint på sekstitalet. I mi platehylle kan ein høyre Hamilton sitt basspel på platene Draw The Line og Rocks som kom på marknaden høvesvis i 1976 og 1977. I 1953 kom den belgiske songerinna Danielle Schoovaerts til verda. Dani Klein var med å starte Vaya Con Dios, eit av belgias mest suksessrike band gjennom tidene. I 1963 vart Scott Ian Rosenfeldt fødd i Jamaica, ikkje reggeaøystaten i Karribia, men ein småby i den amerikanske delstaten New York. Scott Ian er gitarist, vokalist og ubestridt leiar av det amerikanske skateboard-hardrockbandet Anthrax og er representert med tre titlar i mi hylle, foreløpig. I 1973 nytta AC/DC årets siste dag til å spele sitt fyrste offisielle show. Det skal ha hendt i ein av verdas mange homsemetropolar, Sydney i Australia, og om dei små gutane med den store lyden levde opp til den partymyten dei har slått om seg med resten av karrieren, var det nok fyrste januar og eit godt stykke ut i 1974 før dei gav seg. I 1979 vart året avslutta med at Toy Dolls var underhaldninga på nyttårsfesten i Harveys Restaurant i Sunderland. I 1991 spelte The Allman Brothers Band i Macon City Auditorium, ein konsert som er inkludert på konsertplata An Evening With The Allman Brothers Band: First Set frå 1992. I 1997 ebba året ut saman med pianisten Floyd Cramer. Det var neppe det som var årsak til at det vart sendt opp fyrverkeri den kvelden. I 2001 slepte den Bergens-baserte elektronikaduoen Röyksopp plata Melody A.M, som bydde på sterke spor som Eple og Poor Leno, og som gjekk til topps på hitlister over heile den vestlege verda. Og med det passar det å ynskje dei som har følgd med på det som er skrive i denne bloggen gjennom 2011 eit godt nytt år, eg vonar de kjem til å følgje med på oppdateringane som vonleg kjem flittig også i det nye året.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar