26.01.2012

Trettande januar

Trettande januar 1947 vart John Lees fødd i Oldham i Nord-England. Lees har gjort karriere som gitarist i bandet Barclay James Harvest. I 1961 kom Wayne Michael Coyne til verda i Pittsburgh. Wayne Coyne er songar og gitarist i bandet The Flaming Lips. I 1964 gav ein ung Bob Dylan ut plata The Times They Are Changin’. For dei som ein gong sona under kummerlege forhold vert trettande januar 1968 hugsa som dagen då Johnny R. Cash spela inn den legendariske fengselskonserten sin i Folsom Prison. Dei innsette fekk høyre at Cash, akkompagnert av Marshall Grant på bass, W. S. Holland på trommer og Luther Perkins på gitar, spela klassikarar som Folsom Prison Blues, Orange Blossom Special, Give My Love To Rose og I Still Miss Someone. Cash si komande kone, June Carter, stod i spissen for The Carter Family og The Statler Brothers som gjorde bakgrunnskoringa. Konserten er i ettertid påstått å vere ein av dei beste konsertane du er glad du ikkje var tilstades på. I 1971 nytta The Who datoen til å halde pressekonferanse på The Young Vic Theatre i London. Der annonserte bandet at dei ville spele inn ein oppfølgjar til rockeoperaen Tommy. Lifehouse, som dette prosjektet skulle heite, vart aldri realisert, men det meste av materialet kan høyrast på plata Who’s Next. Same dato i 1972 kunne det høyrast eit rop frå villmarka i Nashville då same Johnny Cash spela inn ein song med namnet Call Of The Wild. Songen kan høyrast på The Johnny Cash Childrens Album. I 1980 stod alltid like energiske Toy Dolls for underhaldninga på Comrades Club i Silksworth. I 1984 spela Toy Dolls ”on Broadway” i hippiehovudstaden San Francisco i California. I 1985 kunne frammøtte i Hamburg oppleve Toy Dolls i Markethalle. I 1986 var Toy Dolls attende i Japan, denne gongen for å spele i Vibra Hall i Kyoto. I 1991 innleia Iron Maiden Nord-Amerika-delen av No Prayer On The Road turneen i Halifax, Canada. Dette var fyrste av førtifem konsertar på feil side av Atlanteren. I 1992 platedebuterte Tori Amos med kritikarroste Little Earthquakes.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar