12.01.2012

Tiande januar

Tiande januar 1924 er dagen trommeslagaren Max Roach kom til verda. Roach sitt eminente trommespel kan hjå meg høyrast på Miles Davis si plate Birth Of The Cool. Roach døyde i 2007. I 1945 kom Roderick David Stewart til verda i London. Mannen med anar frå The Lowlands var innom det skotske juniorlandslaget i fotball før han satsa hundre prosent på musikken. Nyare plater, som The Great American Song Book, er med å gjeve den ein gong så glitrande artisten Rod Stewart eit dårleg rykte, men samleplata The Mercury Years er faktisk ei samling rhythm’n blues perler som trygt kan tilrådast enno. Går ein enno lengre attende i tid ser ein at gamle Roderick var vokalist i den engelske supergruppa Faces og han kan høyrast på plata Long Player frå 1971. I 1946 kom Aynsley Thomas Dunbar til verda i Liverpool. Dunbar held takten for Ian Hunter på plata All American Alien Boy frå 1976. I 1948 vart Donald Jay Fagen fødd i New Jersey. Donald Fagen er ein av grunnleggjarane av bandet Steely Dan og kan hjå meg høyrast i elegant samspel med kompisen Walter Brecker. I 1956 var Elvis Presley i studio og spela inn det som er ein av hans signaturlåtar, Heartbreak Hotel. I 1955 vart den tyske gitaristen Michael Schenker fødd i Sarstedt. Schenker er kjend som ein av verdas mest humørsjuke gitaristar og elles for å ha spelt saman med band som Scorpions, Ratt, MSG og UFO. Det er nettopp sistnemnde som er grunnen til at Michael har fått plass i denne bloggen, bidraget heiter Obesssion og vart tilgjengeleg for platekjøparane i juni 1978. I 1977 gav Ramones ut plata Leave Home. I 2001 døyde Bryan Gregory.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar