12.01.2012

Åttande januar

Åttande januar 1906 kom trompetisten Wendell Phillips Culley til verda i Worchester i Massachusetts. Wendell Culley spelte med Count Basie på femtitalet og kan høyrast på samleplata Atomic Swing. Wendell Culley døyde i 1983. I 1929 vart gitaristen Luther Perkins fødd. Luther Perkins var storebror til meir kjende Carl (han med dei blå semskaskoa) og er best kjend for samarbeidet med Johnny Cash der han trakterte ein Fender Esquire i backingbandet The Tennessee Three. Det er diverre ikkje plass til å liste opp alle platene Perkins sitt gitarspel kan høyrast på. Perkins døyde altfor tidleg i 1968. I 1935 kom rockelegenda Elvis Aron Presley til verda i den fattigslege småbyen Tupelo i den amerikanske delstaten Mississippi. Den godaste Elvis fekk tusenvis av jenter til å dåne berre ved å vrikke varsamt på hoftene på femti- og sekstitalet. Han spelte inn ei rekkje storseljande plater og eit utal av elendige, men populære filmar gjennom ei hektisk karriere. Presley døyde i 1977 og har selt langt fleire plater etter at han gjekk bort enn han gjorde medan han var i livet. I 1947 kom David Robert Jones til verda i metropolen London. Rockekameleonen David Bowie treng, etter å ha prega populærmusikken i fleire tiår, ikkje nærare presentasjon. I mi platehylle finn ein, enn så lenge, plata Space Oddity frå 1969. I 2001 gav dei trønderske gamalpønkarane i DumDumBoys ut samleplata Schlägers.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar