03.01.2012

Tredje januar

Tredje januar 1945 vart Stephen Arthur Stills fødd i Dallas i kvegstaten Texas. Stephen Stills, som av mange vert rekna som ein av verdas beste gitaristar, var ein essensiell del av banda Buffalo Springfield og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Stills høyrast på Buffalo Springfield-plata Buffalo Springfield Again frå 1967, i tillegg til songane Helpless og Ohio, som begge er kreditert Crosby, Stills, Nash & Young, men har fått plass på Neil Young si Greatest Hits-plate, og på songen Through My Sails frå Neil Young si plate Zuma, som kom på marknaden i 1975. I 1946 kom John Baldwin til verda i Kent. John Paul Jones er best kjend for å ha traktert bass og ei rekkje andre instrument for rockedinosaurane Led Zeppelin. Jones har i tillegg livnært seg som komponist og arrangør og er sist sett som medlem av supergruppa Them Crocked Vultures saman med Josh Homme og Dave Grohl. I 1954 vart Ross Friedman fødd i Bronx i New York City. Ross “The Boss” Funicello var ein av grunnleggjarane av bandet The Dicktators og kan høyrast på bandet si debutplate Go Girl Crazy frå 1975. I 1962 kom den engelske bassisten Guy Pratt til verda i London. Pratt var ein viktig del av rytmeseksjonen på den tidlegare The Band-leiaren Robbie Robertson si soloplate Storywille frå 1991. I 1970 vart verda velsigna med pønkgitaristen og nettverksbyggjaren Kjell Engevik Moberg. Moberg frå Os, ein kort køyretur sør for Bergen, har gjort seg merkt over store delar av verda med undergrunnsband som Punishment Park og K-Jell, som begge sjølvsagt er sterkt representert i mi platehylle. I 1979 kom Surferosasongar og -frontfigur Mariann Thomassen til verda i sunmørshovudstaden Ålesund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar