27.10.2018

Tjueniande september

I 1935 vart den grensesprengande rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Ferryday i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis er fetter av den berykta svovelpredikanten Jimmy Swaggart og starta karriera si i grenselandet mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve Lee Lewis tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn han er for dei stundom eksellente musikalske bidraga sine. Lewis leverer ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, og diverre er det den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på.

Andre jubilantar
Ian Wallace (1946-2007)
Mark Farner (1948)
Les Claypool (1963)
Iain Baker (1965)
Brett Anderson (1967)
Marcel Rodriguez-Lopez (1983)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar