21.10.2018

Ellevte september

I 1943 kom Michael Steven Hartman til verda i metropolen New York City. Trommeslagaren Hartman nyttar til dagleg aliaset Mickey Hart og er best kjend for å ha helde takten for hippielegendene i Grateful Dead. Hart, som i dag turnerar med sitt eige Mickey Hart Band, spelte med The Dead i to periodar, fyrst frå september 1967 til februar 1971 og sidan frå 1974 til 1995. Hart sitt trommespel kan i mi platesamling høyrast på plata Dylan & The Dead, ei konsertplate frå 1989 der den trufaste fanskaren, The Deadheads, fekk høve til å følgje heltane medan dei turnerte saman med Bob Dylan. Mickey Hart er også kreditert for å holde takten for David Crosby på hans debutsoloplate If I Could Only Remeber My Name frå 1971, også her spelar Hart saman med Rhythm Devil-kollega Bill Kreutzmann frå Grateful Dead.

Andre jubilantar
Leo Kottke (1945)
Bob Catley (1947)
John Porter (1947)
Mick Talbot (1958)
Sergey Ryabtsev (1958)
Neal X (1960)
Moby (1965)
Richard Ashcroft (1971)
Jonny Buckland (1977)
Ludacris (1977)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar