03.08.2018

Tjuesjette juli

I 1943 kom Michael Phillip Jagger til verda i engelske Dartford. Sir Mick Jagger er best kjend som songar i Rolling Stones gjennom meir enn femti år, og for det fruktbare låtskrivarsamarbeidet med gitarrabulisten Keith Richard. Jagger er også kjend for fleire forhold til profilerte fotomodellar, noko som har vore så fruktbart at han har laga minst ein sjølv. I mi platehylle står, i tillegg til den obligatoriske Stones-plata Jump Back – The Best Of The Rolling Stones (1993), ei av gamle Mick sine soloalbum, Wandering Spirit frå 1993. Jagger er også kreditert for vokalhjelp på Living Colour si studioplate Time’s Up (1990), utvalde spor på Carly Simon si samleplate The Best Of Carly Simon (1975), og han syng duett med reggealegenda Peter Tosh på songen (You Gotta Walk) Don’t Look Back, som du finn på samleplatene The Thougest (1998) og The Best Of Peter Tosh (1999).

Andre jubilantar
Casey Jones (1939)
Alan Parker (1944)
Maureen Tucker (1944)
Roger Taylor (1949)
Jim Lindberg (1965)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar