18.07.2018

Tjuetredje juni

I 1929 kom Valerie June Carter til verda i Hiltons i Virginia. Komponisten og songarinna June Carter hadde ei etablert karriere saman med fleire slektningar i songgruppa The Carter Family frå siste halvleik av førtitalet, og var etablert som stor stjerne «over there», før ho involverte seg i det som, etter omvegar, vart eit langt og givande ekteskap med countrystjerna Johnny Cash. Før ekteskapet med Johnny var June gift med komponisten Carl Smith, eit ekteskap som resulterte i dottera Carlene Carter. Det vert hevda at June gav opp si eiga karriere for å stå bak ektemannen, men ho har heile vegen pleia si eige karriere både som låtskrivar og artist og ho har mellom anna skrive teksten til songane Ring Of Fire, som heldigvis ikkje dukka opp i reklame for hemoroidekrem, slik nokre driftige reklamemenn ville, og Jackson, som ho har framført i duett saman med ektemannen i fleire versjonar. Hjå meg kan June Carter høyrast medan han syng bakgrunnsvokal på ektemannens sine studioplater Orange Blossom Special (1965), The Johnny Cash Children’s Album (1974) og American III: Solitary Man (2004), konstertplatene At Folsom Prison (1968) og At San Quentin (1969), og den uautoriserte samleplata 54 Great Performances (2004). I tillegg kan June Carter høyrast med samlinga Collections der det er plukka ut utvalde duettar der ekteparet syng saman. Carter døyde i 2003.

Andre jubilantar
Nick DeCaro (1938)
Stu Sutcliff (1940-1962)
Svein Greni (1953)
Randy Jackson (1956)
Chris Holmes (1958)
Brendan O'Brian (1960)
Steve Shelley (1962)
Paul Arthurs (1965)
Richard Norris (1965)
KT Tunstall (1975)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar