26.07.2018

Tiande juli

I 1942 kom Ronald James Padavona til verda i Portsmouth i New Hampshire. Italienskætta Ronnie James Dio vert rekna som verdas største vetle heavy metall-artist og har ein curriculum vitae som inneheld Elf, Rainbow, Black Sabbath, Heaven & Hell i tillegg til hans eige band Dio. Etter som eg ikkje har heilt kontroll på platesamlinga mi har eg faktisk kjøpt plata Dream Evil frå 1987 to gonger og må med det kunne seie at eg har gjort meir enn det som kan forventast for å halde liv i ein gamal hardrockar. Klassikarar som Holy Diver (1983) og Rainbow-plata Long Live Rock’n Roll frå 1978 står sjølvsagt også på hylla, saman med ei obskur bootleg-plate frå tida med Black Sabbath, Reviviscence!, som kom ut på italienske Robspierre Records i 1992. Plata er visstnok spela inn av ein publikummar under Monsters Of Rock i Reggio Emilia i Italia tolvte september i 1992 og har ein slett lydkvalitet, men er sjølvsagt interessant nok for blodfansen. Dio døyde diverre av kreft i 2010.

Andre jubilantar
Marcel Azola (1927)
Arnie Lawrence (1938-2005)
Dave Kirby (1938-2004)
Fritz Richmond (1939-2005)
Claudio Pacoli (1947)
Neil Tannant (1954)
Martyn P. Casey (1960)
Grant Kirkhope (1963)
Imelda May (1974)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar