25.10.2015

Tjuefyrste oktober

Tjuefyrste oktober 1931, det var ein onsdag, var Blind Willie McTell og Ruth Mary Willis i studio i Atlanta i Georgia og spela inn Painful Blues, som du finn du på samleplata The Definitive Blind Wilie McTell som Columbia/Legacy slepte i 1994. I 1940 kom Manfred Sepse Lubowitz til verda i storbyen Johannesburg i Sør-Afrika. Manfred Mann er best kjend som grunnleggjaren av Manfred Mann’s Earth Band og kan hjå meg høyrast på samleplata The Best Of Manfred Mann’s Earth Band frå 1999. Manfred Mann kan også høyrast medan han spelar keyboard på utvalde spor på Uriah Heep si plate Look At Yourself frå 1971. I 1941 vart verda løna med eit gitargeni, for då vart Steven Lee Cropper fødd i Dora i Missouri. Steve Cropper er i mi platesamling representert som både ein Blues Brother og som mannen som står for den heilt fantastiske gitarkoselyden i supergruppa Booker T And The MGs. I 1946 kom Erick Lee Lamphear-Purkhiser til verda i Akron i Ohio. Under artistnamnet Lux Interior gjorde han seg merkt i rockabilly-punkbandet The Cramps, der han hadde hand om vokalistrolla frå starten i 1976 og fram til han døyde. Samleplata Off The Bone, i tillegg til konsertplata The Smell Of Female, begge frå 1983, er på plass i hylla. Lux Interior døyde så altfor tidleg i 2009. I 1952 vart Brent Mydland fødd i den bayerske hovudstaden, ølbyen München. Mydland markerte seg i musikkverda som den fjerde keyboardspelaren i hippiekultbandet Grateful Dead og heldt ut saman med resten av bandet i elleve år til han døyde i 1990. Mydland sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på samarbeidsplata Dylan & The Dead frå 1989. I 1953 kom gitaristen Eric Faulkner til verda. Faulkner spelte i det skotske tyggegummibandet Bay City Rollers og kan i mi platesamling høyrast på samleplata The Magic Collection. I 1957 var Count Basie med storband i studio og spela inn Teddy The Toad og Li’l Darlin’, solist for sistnemnde var Wendell Culley på trompet. Same dag vart Steven Lee Lukather fødd i San Fernando Valley i California. Gitaristen Steve Lukather er best kjend for å spele i Toto, men kan hjå meg høyrer du gitarspelet hans på Alice Cooper si studioplate From The Inside frå 1978, Aretha Franklin si plate Aretha frå 1980, The Magazine, som Rickie Lee Jones slepte i 1984, Bob Seger si plate The Fire Inside (1991), Vagabond Heart, som Rod Stewart slepte i 1991, Roger Waters Amused To Death (1992), og på Boz Scaggs si plate Dig frå 2001. I 1958 vart Elvis Presley-singelen One Night tilgjengeleg i platehyllene. I USA stogga listeklatringa på ein heiderleg fjerdeplass, medan engelskmennene rydda plass på fyrsteplassen. I 1966 kom Lars Gunnar Lien til verda. Hjå meg kan Lars Lien høyrast medan han spelar syntheziser på plata Tro, Håp & Kjærlighet, som Tre Små Kinesere slepte i 1996. I 1969 var Grand Funk Railroad i Cleavland Recording Company Studios og festa Please Don’t Worry, Winter And My Soul, Paranoid og Inside Looking Out til platerillene. Alle songane kan ein høyre på plata Grand Funk, som kom på markanden seinare på året. I 1971 kom Nick Steven Oliveri til verda i Los Angeles i California. Bassisten Nick Oliveri sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Queens Of The Stone Age si plate Songs For The Deaf frå 2002. I 1977 slepte Meat Loaf megasuksessen Bat Of Hell, som har seld i meir enn førti millionar eksemplar. I 1986 hadde Toy Dolls teke turen til Subway i Osnabrück. I 1989 var det Waldhorn i Mengen som fekk vitjing av Toy Dolls. I 1990 la Iron Maiden ut på turnéen No Prayer On The Road. Turnéstart denne gongen var lagt til den katalanske hovudstaden Barcelona. I 1995 døyde Shannon Hoon. I 2003 slepte The Shins plata Chutes Too Narrow.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar