14.10.2015

Fjortande oktober

Fjortande oktober 1939 kom Chrisostomos Karanikis til verda i den australske olympiabyen Melbourne. Perkusjonisten Chris Karan vart ein særs ettertrakta studiomusikar då han flytta til London tidleg på sekstitalet, og fekk i tillegg fast plass på trommestolen i Dudley Moore Trio. Hjå meg kan Karan sitt taktfaste arbeid høyrast på utvalde spor på to av samleplatene Bob Marley sitt dødsbu har slepte for å melke arven etter reggealegenda, His 24 Greatest Hits (1998) og Legend (1984). I 1940 vart Harry Rodger Webb fødd i Lucknow i India. Smørsongaren Cliff Richard er i mi platehylle kreditert for å syngje på eitt spor på Van «The Man» Morrison si plate Avalon Sunset frå 1989. I 1959 vart Anthony Jude Pero fødd på Staten Island i New York. A. J. Pero var mannen som stod for det stødige trommespelet for dei gamle glamrockarane i Twisted Sister. Hjå meg kan Pero sitt trommespel nytast på samleplata Big Hit And Nasty Cuts frå 1992. Pero døyde av hjarteinfarkt i 2015. I 1967 slepte The Who singelen I Can See For Miles, som var henta frå plata Who’s Sell Out. I 1985 fekk frammøtte på PC69 i Bielefeldt både høyre og sjå Toy Dolls i aksjon på scenen, og dei australske yndlingane INXS slepte si femte studioplate, Listen Like Thieves, som sikra dei deira fyrste topp fem singel på verdas største platemarknad, USA. I 1987 var Toy Dolls i Besançon for å spele på Mont Joye. I 1989 stod Toy Dolls på scenen på Fritz i den austerrikske hovudstaden Vien. I 1990 stod Slayer på scenen på Wembly Arena i London, opptak frå konserten kan høyrast på den doble konsertplata Decade Of Aggression, som kom på marknaden i 1991. I 1997 slepte dei alltid like hardtarbeidande punkarane i Green Day plata Nimrod. I 2006 døyde Freddy Fender.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar