01.04.2014

Fyrste april

Fyrste april 1945 fekk Aaron Kenneth Buttrey livet i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Trommeslagaren Kenneth Buttrey var ein høgt skatta studiomusikar som har spela med fleire av dei største stjernene som vitja heimbyen hans. I mi platesamling kan Buttrey sitt stødige trommespel høyrast på plata Blonde On Blonde, som Bob Dylan gav ut i 1966, og John Wesley Harding, som same artist slepte året etter. Buttrey kan også høyrast på Attempted Mustache, som var Loudon Wainwright III sitt bidrag til underhaldningsindustrien i 1973, og på Neil Young si plate Tonight’s The Night frå 1975. Buttrey døyde i 2004. I Passiac i New Jersey vart John Barbata fødd. Trommeslagaren Barbata har heldt takten i band som Jefferson Airplane og Crosby, Stills, Nash & Young. Hjå meg kan Barbata høyrast på Ry Cooder si sjølvtittelerte debutplate frå 1970. I 1946 kom Ronald Frederick Lane til verda i East London. Bassisten Ronnie Lane var mannen bak band som The Small Faces og Faces og kan hjå meg høyrast på sistnemnde si plate Long Player frå 1971. Lane døyde av MS i 1997. I 1950 vart William Lee Currie fødd i engelske Huddersfield. Tangentmannen Billy Currie er best kjend for å spele i Ultravox og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Dancing With Tears In My Eyes frå 1997. I 1954 vart Jeffery Thommas Porcaro fødd i Hartford i Connecticut. Trommisen Jeff Porcaro var ein av verdas mest nytta trommisar og har namnet sitt på meir enn hundre plateproduksjonar, best kjend er han kan hende for arbeidet med supergruppa Toto. Hjå meg kan Jeff Porcaro høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, Madonna si soundtrackplate frå filmen Dick Tracy, I’m Breathless, som kom på marknaden i 1990, Vagabond Heart, som var Rod Stewart sitt bidrag til populærkulturen i 1991, på Roger Water si tredje soloplate Amused To Death frå 1992, og på plata Good Stuff, som den elleville gjengen i The B52s gav ut i 1992. Porcaro døyde i 1992. I 1967 kom Dag Stokke til verda. Tangentmannen Stokke har spelt med fleire norske store namn, som Jorn og Vagabond. Hjå meg kan Stokke høyrast som innleid musikar på TNT si sjuande studioplate, Transistor, frå 1999. Stokke døyde i 2011. I 1968 var Janis Joplin i Columbia Studio E i New York og spelte inn songane Missery’n og Catch Me Daddy. Musikken var ved Big Brother And The Holding Company og innspelingane kan høyrast på samleplata Farewell Song frå 1982. I 1971 vart Clifford Smith fødd på Staten Island ved New York City. Hip Hop-artisten Method Man, frå Wu-Tang Clan sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002. I 1979 kunne ein endeleg kjøpe den sju år gamle The Who-låta Long Live Rock på singel. I 1980 nytta Iron Maiden dagen til å spele på The Rainbow i London. Dette var den fyrste konserten av femtiein på ein omfattande englandsturné. I 1984 kunne Toy Dolls for fyrste gong opplevast i levande live i Tyskland, det hendte på Slaugterhof ved mektige Weser sine bredder, nærare bestemt i Bremen. Same dag døyde Marvin Gaye ein tragisk daud, skoten av sin eigen far dagen før han ville fylt trettifem år. I 1991 nytta kampsportsentusiasten Lou Reed denne dagen til å gå i studio for å gå i gang med innspelinga av plata Magic and Loss, som sjølvsagt står klart til å verte plukka fram frå mi platehylle. Same dagen gav Mano Negra ut plata King Of Bongo, som burde vere obligatorisk i alle platesamlingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar