22.08.2011

Tjuefyrste august

Tjuefyrste august 1904 vart storbande leiaren William James Basie fødd i Red Bank, New Jersey. Med kallenamnet Count Basie leia han sitt eige band med stødig hand i nesten femti år. Plata Atomic Swing er Basie sitt bidrag til mi samling. Basie døyde i 1984. I 1941 kom tangentmannen Tom Coster til verda i Detroit. Store musikarar som Santana og Joe Satriani har nytt godt av Coster sine tenester og kjem du innom meg for å høyre tangentspelet hans kan du gjere det på 50 Cent si plate Get Rich Or Die Tryin’ frå 2003. I 1943 var dette dagen for Clydie May Crittendon sin fødsel. Clydie King starta karrieren si som syngjedame tidleg i tenåra og har arbeida med artistar som Ray Charles og Steely Dan. Hjå meg kan King høyrast som bakgrunnsrøyst på Bob Dylan si plate Shot Of Love frå 1981. Ho har også vore med på andre Dylan-plater. I 1952 vart Clash-gitarist og vokalist, komponist, produsent og multitalent Joe Strummer fødd som John Mellor i Ankara i Tyrkia. Strummer kan hjå meg høyrst på Clash-plata Sandinista, han er også kreditert som produsent på Pogues-plata Hell’s Ditch og han song duett med Johnny Cash på ein flott versjon av Bob Marley sin Redemtion Song. I 1962 fekk Johnny Cash vokalhjelp av gruppa The Carter Family då han spela inn Where You There (When They Crusified My Lord?). Underverket enda opp på plata Ring Of Fire og er også tilgjengeleg på samleplatene God frå 2002 og Johnny Cash’s America frå 2008. I 1980 gav datoen oss ein Toy Dolls-konsert, den var i Belvedere Club i Bishop Auckland. I 1982 var Toy Dolls i Working Mans Club i Winlaton for å underhalde. I 1984 fekk 100 Club i London vitjing av Toy Dolls. I 1986 døyde Thad Jones. I 1990 gav Alice In Chains ut debutplata si, Facelift og Anthrax gav ut si femte studioplate, Persistence Of Time. I 2000 gav Bigbang ut plata Clouds Rolling By, som inneheld signaturlåten Girl In Oslo.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar