28.08.2011

Tjueåttande august

Tjueåttande august 1945 vart Bob Segarini fødd i Stockton i solrike California. Segarini har, tross sitt anonyme tilvære, vore med på ei rekkje plateinnspelingar og kan hjå meg høyrast som korist på plata All American Alien Boy som Ian Hunter gav ut i 1976. I 1949 kom Hugh Gordon Cornwell til verda i Tufnel Park. Hugh Cornwell var gitarist og vokalist i The Stranglers i deira mest kreative periode. Etter at Cornwell forlèt bandet i 1990 har han gjeve ut fleire soloplater, men hjå meg er det på The Stranglers-plata The Gospel According To The Meninblack frå 1981 han kan høyrast. I 1955 døyde Bob Gordon. I 1967 kom trommeslagaren Paul Buchignani til verda. Buchignani sitt bidrag til mi platesamling finn ein på plata Black Love som Afghan Whigs slepte i 1996. I 1976 fekk sjåarane til det engelske fjernsynsprogrammet Super Pop oppleve AC/DC spele Live Wire og Can I Sit Next To You Girl. Bandet sin opptreden var eit opptak gjort i Wimbledon Theatre i juli same år. I 1977 vart musikar og plateprodusent Arve Isdal fødd. I mi platehylle høyrer du Ice Dale på platene No Hay Banda med Audrey Horne og platene Vertebrae og Axioma Ehtica Odini med Enslaved. I 1982 hadde hamnebyen Hartlepool vitjing av Toy Dolls. Lokale Catholics Club var stolt vertskap for dei unge pønkarane. I 1994 kom Manic Street Preachers si tredje studioplate, den hadde namnet The Holy Bible.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar