29.09.2010

Tjueniande september

Tjueniande september 1935 vart den ernergiske rockepianisten Jerry Lee Lewis fødd i Louisiana. Hardtlevande og -slåande Lewis starta karriera si i grenselande mellom gospel og country. Fleire ekteskap med uheldig utgang har gjeve han fått tilnamnet The Killer og han er for mange meir kjend for å ha gifta seg med den tretten år gamle kusina si enn for dei musikalske bidaraga sine. Lewis leverar ikkje sitt beste på plata Great Balls Of Fire frå 1989, som er den einaste av platene hans eg har brukt pengane mine på. I 1963 kom Leslie Edward Claypool til verda. Les Claypool er kjend som bassisten med den rå lyden og uortodokse teknikken i Primus. I mi platesamling kan han også høyrast på låten Big In Japan frå Tom Waitz si plate Mule Variations. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på Bowes Lyon House i Stevenage. I 1987 kunne Red Hot Chilli Peppers si tredje soloplate, The Uplift Mofo Party Plan kjøpast, og, sjølv om eg venta nokre dagar, gjorde eg det, og det har eg ikkje angra på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar