21.09.2010

Tjuefyrste september

Tjuefyrste september 1954 vart den dyriske trommeslagaren Philty Animal Taylor fødd som Phil Taylor i byen sigarettmerket Chesterfield truleg har namnet sitt frå. Philty spelte trommer på dei mest kjende Motörheadplatene, men fekk diverre sparken frå bandet i 1992 og driv for tida med diverse prosjek som ikkje har funne vegen inn i platesamlinga mi, enno. I 1962 kom Michael Algar til verda. Gitaristen og vokalisten, som er kjend under artistnamnet Olga, er leiar av, og einaste gjenværande originalmedlem i punkbandet Toy Dolls, som alltid har vore eit kurriøst innslag i mi assorterte platesamling. I 1972 kom Oasisvokalisten og Manchester City-tilhengjaren William John Paul ”Liam” Gallagher til verda i Manchester. Den humøsjuke jet-setaren var tidlegare fast innslag i skandalepressa, i dag er han fast innslag i platesamlinga mi med plater som mellom anna (What’s The Story) Morning Glory og Familiar To Millions. I 1985 nytta alltid like elleville Toy Dolls høve til å spele på Klub Foot i London. I 1990 gav AC/DC ut plata The Razors Edge. Plata, som er produsert av Bruce Fairbairne og som eg eig både CD og LP versjon av, er den einaste av gruppa sine innspelingar der ein får høyre trommeslagaren Cris Slade. I 1993 gav Melissa Etheridge ut plata Yes, I Am.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar