27.08.2010

Tjuesjuande august

Tjuesjuande august 1964 fekk verda ein Johnny Cash versjon av Bob Dylan sin It Ain’t Me Babe. Songen vart spela inn i Nahsville og kan høyrast på plata Orange Blossom Special. Tony Kanal kom til verda i 1970, han er bassist i den amerikanske gruppa No Doubt. I 1977 kunne ein live-versjon av Lynyrd Skynyrd sin Gimme Back My Bullets kjøpast på ein promosingel frå ein konsert i Anaheim sør for Los Angeles. I 1990 var dette ein tragisk dag då gitarhelten Stevie Ray Vaughan døyde i ei helikopterulukke. I 1991 gav Bob Seger And The Silver Bullet Band ut plata The Fire Inside.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar