25.08.2010

Tjuefemte august

Tjuefemte august 1920 fekk verda bassisten Leonard Gaskin. New York-fødde Gaskin, som eigentleg vert rekna som jazzmusikar, kan hjå meg høyrast på Bob Dylan si plate The Freewheelin’ Bob Dylan frå 1963. I 1949 kom Gene Simons til verda i Haifa i Israel som Chaim Witz, eit namn som ikkje sel så godt i rockeindustrien. Simons er kjent som den langtunga bassisten i teikneseriebandet Kiss og skryt av at han har landa fleire damer enn dei fleste andre i same bransje. Underteikna var heldig og fekk oppleve Kiss på Koengen i Bergen 1. juni 2008. Gamlingane leverte eit fantastisk show som heile familien levde lenge på. I 1951 vart eit anna metallikon, Rob Halford, fødd som Robert Arthur Halford. Halford er kjend som vokalist i bandet Judas Priest og vert av fansen referet til som The Metal God, eit tilnamn alle frammøtte på konserten i Bergenshallen 8. juni 2008 vil skrive under på at han har gjort seg fortend til. I 1954 kom Declan Patrik MacManus til verda. MacManus er betre kjend som Elvis Costello og har i tillegg til plater under eige namn gjeve ut plater saman med bandet The Attractions. Han har også samarbeida med verdskjende artistar som Burt Bacharack og kona Diana Kral. I mi platehylle er det foreløpige bidraget plata Mighty Like A Rose frå 1991, men eg lovar at det kjem meir. Costello har også produsert plater for andre artistar, som mellom anna The Pogues. I 1971 var dette dagen The Who gav ut Who’s Next i England. Plata nådde #1 på dei britiske listene. I 1978 var dette dagen plata Who Are You med The Who vart gjeven ut på andre sida av Atlanterhavet. Plata nådde andreplass på dei amerikanske listene. I 1986 var det Rockabillyfest på Klub Foot i Hammersmith og på scenen stod mellom anna Torment, Rochee & The Sarnos, Wigswille Spliffs, The Coffin Nails, The Caravans, alle frå Storbritannia, og nederlandske Batmobile. Alle saman kan høyrast og nytast på plata Stomping at the Klub Foot Vol. 3. I 1988 gav Metallica ut plata …And Justice For All, og no var dei tidlegare garasjerockarane superstjerner. I 1997 gav Rammstein ut plata Sehnsucht og gav med det nytt liv til sjangeren industrimetall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar