08.12.2017
Åttande desember
Åttande desember 1938 kom Bernhard L. Krause til verda i bilbyen Detroit i Michigan. Bernie Krause er den eine halvleiken av duoen Beaver & Krause, og i mi platehylle kan han høyrast medan han trakterar Moog Syntheziser på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. I 1941 kom Robert Hartley Elliot til verda i engelske Burnley. Trommisen Bobby Elliot er best kjend for å halde takten for The Hollies og hjå meg høyrer du arbeidet hans på samleplata 20 Great Love Songs. I 1942 vart Frederick Nathaniel Hibbert fødd i May Pen i Jamaica. Toots Hibbert har leia regggea- og skabandet Toots & The Maytals sidan starten og kan i mi platehylle høyrast på plata Light A Light frå 2005. I 1943 vart middelklasseguten James Douglas Morrison fødd av millitærforeldre tilknytt US Navy, det skal ha hendt i Melbourne i pensjoniststaten Florida. Under namnet Jim Morrison gjorde han suksess som låtskrivar og songar i hippiebandet The Doors. Han gav i tillegg ut fleire diktsamlingar. Hjå meg kan Morrison sitt arbeid høyrast på samleplata Greatest Hits. Morrison vart funnen daud i eit badekar på eit hotellrom i Paris i 1971. I 1947 kom Gregory Lenoir Allman til verda i country hovudstaden Nashville i Tennessee. Gitaristen Gregg Allman var saman med broren Duane med å starte bandet The Allman Brothers Band i 1969 og med det skape grunnlaget for omgrepet sørstatsrock. Rus og sjukdom har lagt ein dempar på det som kunne vore ei soge om eit superband, men om du kjenner for å ha An Evening With The Allman Brothers Band (1992), så kan den fyrste delen av konsertplata med den tittelen høyrast hjå meg. Allman døyde i 2017. I 1950 vart Daniel Earl Hartman fødd i Harrisburg i Pennsylvania. Dan Hartman er i mi platehylle kreditert for å spele bass på Tina Turner si plate Foreign Affair frå 1989. Hartman døyde i 1994. I 1951 kom den norske visesongaren Jan Eggum til verda i Bergen. Sidan debuten i 1975 har melankolikaren Eggum jamleg forsynt det norske folk med visesong av høgaste klasse. Hjå meg kan du høyra plata Dingli Bang frå 1997. I 1953 vart skodespelarinna Kim Basinger fødd som Kimila Ann Basinger i universitetsbyen Athens i Georgia. Grunnen til at sexsymbolet med filmar som mellom anna 9 1/2 Weeks på merittlista er nemnt her, er at dama faktisk har sunge duett med Ozzy Osbourne. Det skjedde på songen Shake Your Head som kan høyrast på plata One Up The B-Side som kom på marknaden i Sør-Afrika i 1997. Saksofonisten Stan Harrison kom også til verda på denne dagen. Harrison sitt saksofonspel kan hjå meg høyrast på David Bowie si studioplate Never Let Me Down (1987), samt på utvalde spor på samleplatene Once In A Lifetime – The Best Of Talking Heads (1982) og Sister Sledge, som Sister Sledge slepte i 1996. I 1955 kom Nathan Harrell East til verda i Philadelphia i Pennsylvania. Bassisten Nathan East kan hjå meg høyrast på Rickie Lee Jones si plate The Magazine frå 1984, gitarguden Eric Clapton si akustiske konsertplate Unplugged frå 1992, plata Riding With The King, som same Clapton slepte i samarbeid med B.B. King i 2000, i tillegg til Boz Scaggs si plate Dig frå 2001, og Justin Timberlake Justified (2002). I 1957 vart John Tumminello fødd i St. Louis i Missouri. Bassisten Johnny Rod spelte i W.A.S.P. i to periodar, frå 1986 til 1989 og 1992 til 1993 og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata First Blood. Last Cuts frå 1994. På Staten Island i New York City vart Kasim Anthony Sulton fødd. Bassisten Kasim Sulton spelar gjerne saman med Todd Rundgren, hjå meg kan han høyrast med bass og bakgrunnsvokal på Meat Loaf si plat Bat Out Of Hell (1977), og med bakgrunnsvokal på oppfølgjarane Bat Out Of Hell II: Back Into Hell (1993), og Bat Out Of Hell III: The Monster Is Loose frå 2006. I 1962 fekk Elvis Presley sin femtiande listeplassering i England med Return To Sender. Songen debuterte med ein andreplass, berre slått av Frank Ifield sin Lovesick Blues. Dette hendte samstundes med at Martin Adam Friedman kom til verda i Laurel i Marryland. Gitaristen Marty Friedman slo seg saman med Megadeth i 1990 og heldt ut med bandet til 1999, då han emigrerte til soloppgangens land, Japan. Hjå meg kan Friedman høyrast på plata Rust In Peace frå 1990. I 1966 vart Sinead Marie Bernadette O’Connor fødd i irske County Dublin. Samfunnsengasjerte Sinead O’Connor har skapt overskrifter med meiningane sine åttitalet og er best kjend for sin versjon av det lille lilla rockegeniet Prince sin Nothing Compares 2 U. Hjå meg kan Sinead O’Connor høyrast på plata I Do Not Want What I Haven’t Got frå 1990, og som hjelpevokalist på eit spor på Willie Nelson si studioplate Across The BOrderline frå 1993. I 1972 gav Lou Reed ut si andre studioplate, Transformer, som vart produsert av radarparet David Bowie og Mick Ronson. Plata inneheld somme av dei best kjende songane til Reed og produserte singlar som Walk On The Wild Side, Satellite Of Love og Perfect Day. I 1974 vart Nicholas Joseph Zinner fødd i Sharon i Massachusetts. Nick Zinner spelar ei rekkje instrument i bandet Yeah Yeah Yeahs og vert i tillegg rekna som ein habil fotograf. Hjå meg kan Zinner høyrast på bandet si debutplate Fever To Tell frå 2003. I 1975 døyde Gary Thain. I 1976 slepte Uriah Heep High And Mighty, bandet si niande studioplate. I 1979 stod Motörhead si plate On Parole ut i platehyllene. Seinare same dag var Toy Dolls underhaldning i Central Club i Darlington. I 1980 vart John Lennon skoten og drepen utanfor Dakota-bygningen i New York City. I 1981 var det klart for konsert med Toy Dolls i Newton Park Hotel i Newcastle og AC/DC sin Nord-Amerika-turné var komen til Spectrum i Philadelphia. I 1984 døyde Gene Ramey. I 1989 stod Toy Dolls på scenen i Sala Ilargi i Lacunza.
07.12.2017
Sjuande desember
Sjuande desember 1943 kom David Madden til verda i Kingston på Jamaica. Trompetisten Madden har spelt med dei fleste store reggeastjernene og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar for Bob Marley på utvalte spor på samleplata Legend frå 1984, og for Peter Tosh på samlplata The Toughest frå 1998. I 1949 vart Thomas Alan Waits fødd i Pomona i California. Tom Waits har skrive skeiv og rufsete musikk sidan han signerte for Asylum Records i 1972. Mi platesamling byr så langt på titlane Small Change (1976), Swordfishtrombones (1983), Rain Dogs (1985) og Mule Variation (1999), noko som sjølvsagt er altfor lite når ein tenkjer på Waits sin produksjon. I 1956 kom Carlos Vega til verda på Cuba. Trommisen Vega kan i mi platehylle høyrast medan han held takten for Bette Midler på plata Some Peoples Lives, og for Madonna på I’m Breathless, begge frå 1990. Vega døyde for eiga hand i 1998. I 1966 kom Collin Murray Archer til verda i engelske Durham. Gitaristen Collin Archer slo seg saman med Oasis i 1999 og kan i mi platehylle høyrast på konsertplata Familliar To Millions frå 2000. I 1977 var AC/DC og spelte i levande live i myteomspunne Atlantic Studios i like myteomspunne New York City. Eit opptak frå denne konserten var gjeven ut tjue år seinare, i 1997, og fekk plass i CD-boxen Bonfire. I 1978 kom Denaun Porter til verda i bilbyen Detroit i Micigan. Rapparen Mr. Porter var ein del av rapkollektivet D12 (Dirty Dozen) og hjå meg høyrer du han på plata Devil’s Night frå 2001. I 1979 slepte The Clash singelen London Calling, som nådde ellevteplassen på dei engelske singellistene. I 1980 nytta AC/DC dagen til å spele i Festhalle i Frankfurt, oppvarmar var evigunge Whitesnake med den framtidige botoxkongen David Coverdale i spissen. Same dato eit år seinare, i 1981, hadde AC/DC enno ein gong teke turen over Atlanteren og spela i Spectrum i Philadelphia i Pennsylvania. I 1982 døyde Tommy Cogbill, og Toy Dolls var på ny på plass på scenen i 100 Club i London. I 1985 kunne Toy Dolls opplevast på University of Bangor. I 1989 var sporty engelskmenn i Toy Dolls på scenen i Sports Arena i Elorrio. I 2004 spela Motörhead i Philipshalle i tyske Düsseldorf, ein konsert som er tilgjengeleg for alle på DVD-plata Stage Fright som eg var heldig og fekk til jul eit år.
06.12.2017
Sjette desember
Sjette desember 1925 Bob Cooper til verda i Pittsburgh i Pennylvania. Saksofonspelande Cooper har delteke på ei rekkje store innspelingar i jazzsgmentet, i mi platehylle kan han høyrast på Madonna si plate I’m Breathless frå 1990. Cooper døyde i 1993. I 1949 døyde Leadbelly. I 1955 vart Edward Tudor-Pole fødd i London-bydelen Lambeth. Skodespelaren og artisten Tudor-Pole, også kjend som Eddie Tenpole, vart tiltenkt rolla som Johnny Rotten sin erstattar i Sex Pistols og er i mi platehylle kreditert for å syngje på eitt spor på samleplata Floggin A Dead Horse frå 1980. I San Antonio i skytegale Texas kom Leticia Hinojosa til verda. Songerinna Tish Hinojosa er ein prisløna artist med mexicanske røter og stort samfunnsengasjement, mellom anna for psykisk utviklingshemma. Mi platesamling byr på studioplatene Homeland (1989) og Sign Of Truth (2000). I engelske Woking kom Paul Richard Buckler til verda. Trommeslagaren Rick Buckler er best kjend som den stødige rytmeseksjonen i Mod-bandet The Jam og kan i mi platehylle høyrast på samleplata Beat Surrender frå 1993. I 1956 vart Randall William Rhoads fødd på St. John’s Hospital i Santa Monica i solrike California. Gitaristen Randy Rhoads var med å starte hardrockbandet Quiet Riot på slutten av 1970-talet, men er best kjent for å ha spelt gitar på dei to fyrste studioplatene til skrekkrockaren, fjernsynsstjerna og familiefaren Ozzy Osbourne. Rhoads sin visjon var å foreine hardrock og klassisk musikk, noko som kan høyrast på konsertplata Tribute, som Ozzy Osbourne gav ut som ei hylling fem år etter at kompisen gjekk bort, i 1987. Rhoads omkom då han var passasjer i eit småfly som styrta i pensjoniststaten Florida i 1982. I Berkley i California kom Peter Lawrence Buck til verda. Pete Buck er ein av grunnleggjarane av R.E.M., som etter kvart er med å setje preg på platesamlinga mi med så mange som ni ulike titlar, studioplatene Fables Of Reconstruction (1985), Document (1987), Green (1988), Out Of Time (1991), Monster (1994), New Adventures In Hi-Fi (1996), Up (1998) og Reveal (2001), i tillegg til samleplata The Best Of R.E.M (1991). Buck har ei rekkje sideprosjekt på gang og kan også høyrast på plata Trading With The Enemy (1998), som han slepte med bandet Tuatara. Og som om det ikkje er nok, er han i tillegg kreditert for gitarspel på Warren Zevon si plate Sentimental Hygiene frå 1987. I 1961 kom David Lovering til verda i Burlington i Massachutsetts. Trommeslagaren Lovering slo seg saman med The Pixies i 1986 og kan i mi platehyhylle høyrast på studioplatene Bossanova (1989) og Doolittle (1990). I 1971 vart Anne Marie Almedal fødd. Almedal har ei fortid som songar i Velvet Belly og kan hjå meg høyrast på plata The Landing frå 1996. Same dag gjekk Deep Purple i studio i den sveitsiske festivalbyen Montreaux. Her byrja dei innspelinga av det som skulle ende opp som albumet Machine Head, der ein blant alle godbitane finn songen som er å rekne som bandet sin kjenningsmelodi, Smoke On The Water. I 1977 vart gitaristen Kjetil Grande fødd. Grande har ei fortid som gitarist i bandet Good Time Charlie og hjå meg kan han høyrast på plata Oochie Coochie! Frå 1999. I 1980 kunne Toy Dolls høyrast i East Stanley i Stanley. I 1981 spela AC/DC i Byrne Meadowlands Arena i Meadowlands. I 1985 var New College i Durham vertskap for Toy Dolls. I 1988 døyde Roy Orbison. I 1990 filma AC/DC ein promovideo av Moneytalks. Trufaste David Mallet var regissør. I 1994 kom Pearl Jam si tredje studioplate Vitalogy. I 1999 slepte Kent plata Hagnesta Hill.
05.12.2017
Femte desember
Femte desember 1934 kom Art Davis til verda i den historiske byen Harrisburg i Pennsylvania. Bassisten og psykologen Davis kan hjå meg høyrast medan han spelar for John Coltrane på plata Olé Coltrane frå 1962. Davis døyde i 2007. I 1938 vart John Weldon Cale fødd i præriebyen Oklahoma City i Oklahoma. J.J. Cale er godt kjend for å ha si eiga karriere i countryverda, og har i mi platesamling lurt inn ei samleplate med tittelen Classic, i tillegg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på Neil Young si plate Comes A Time frå 1978. Cale døyde i 2013. I 1962 kom Kevin Graham Ogilvie til verda i den kanadiske olympiabyen Calgary. Tangentmannen Nivek Ogre er ein av grunnleggjarane av Skinny Puppy, hjå meg kan han høyrast medan han spelar for Ministry på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. I 1973 vart Neil John Codling fødd i engelske Tiddington. Tangentmannen Neil Codling slo seg saman med Suede og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Coming Up (1996) og Head Music (1999), i tillegg til utvalde spor på samleplata Sci-Fi Lullabies frå 1997. I 1976 spelte AC/DC live på programmet Countdown på ABC, Dirty Deeds Done Dirt Cheap kan sjåast på DVD’en Family Jewels. Same dag var dei unge rockarane på scenen i Sidney Meyer Music Bowl i den australske olympiabyen Melbourne. Songen Problem Child frå denne konserten finn du på den doble DVD’en Plug Me In. I 1977 var Willie Nelson i studio. Han hadde selskap av pianisten Bobbie Nelson, trommeslagarane Paul English og Rex Ludwig, gitarist Jody Payne, bassistane Bee Spears og Chris Ethridge, munnspelar Michey Raphael og pianist og produsent Booker T. Jones. Saman arbeida dei fram det som skulle bli til den prisløna studioplata Stardust. Don’t Get Around Much Anymore og Someone To Watch Over Me vart resultatet av denne dagens arbeid. I 1989 stod Club i Leon på Toy Dolls sin turneplan. I 1994 kom The Stone Roses si andre og, så langt, siste plate, The Second Coming. I 2000 slepte Rage Against The Machine si fjerde studioplate, Renegades, som inneheld utelukkande bandet sine eigne versjonar av andre artistar sine låtar.
04.12.2017
Fjerde desember
Fjerde desember 1944 vart Dennis Carl Wilson fødd i Marina Del Rey i solrike California. Dennis Wilson spelte trommer i The Beach Boys, eit band han var med å starte saman med brørne sine Carl og Brian, han var også husvert for The Manson Family i tida før drapet på Sharon Tate. Hjå meg kan Wilson sitt trommespel høyrast på studioplata 15 Big Ones (1976), og samleplatene Summer Dreams og Super Hits. Dennis Wilson døyde i 1983. Same dag, i same by, kom Christopher Hillman til verda. Bassisten Chris Hillman var ein av originalmedlemmane av The Byrds og kan hjå meg høyrast på bandet si tredje studioplate, Fifth Dimension frå 1966. I 1947 kom Terry Woods til verda i Dublin. Allsidige Woods spelar til vanleg mandolin i The Pogues. Hjå meg kan Woods sitt arbeid høyrast på studioplatene Red Roses For Me (1984), Rum Sodomy & The Lash (1985), If I Should Fall From Grace With God (1988), Peace And Love (1989), Hells Ditch (1990), Waiting For Herb (1993) og Pogue Mahone (1996), i tillegg til samleplatene The Best Of The Pogues (1991) og The Rest Of The Best (1992). Woods kan også høyrast saman med resten av The Pogues på Johnny Come Lately frå Steve Earle si plate Copperhead Road frå 1988. I 1951 vart Gary Robert Rossington fødd i Jacksonville i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Gary Rossington er ein av grunnleggjarane av sørstatsrockarane Lynyrd Skynyrd og kan hjå meg høyrast på studioplatene Lynyrd Skynyrd 1991 og Twenty (1997), i tillegg til den doble samleplata The Essential Lynyrd Skynyrd frå 1998. I 1956 spela Johnny Cash, Elvis Presley, Jerry Lee Lewis og Carl Perkins inn det som i ettertid er påstått å vere tidenes beste uutgjeve innspeling. Denne er etter kvart gjeve ut i eit heller rustent opptak som er kjekt å høyre for personar med sære interesser. I 1964 spelte Cornelis Vreeswijk i Stockholms Konserthus saman med Ann-Louise Hansson og Fred Åkerström. Brev Från Kolonien og I Natt Jag Drömde Nogot Som kan høyrast på samleplata Guldkorn Från Master Cees Memoarer. I 1969 kom Shawn Corey Carter til verda i Brooklyn i New York City. Rapartisten Jay-Z vert rekna som ein av verdas framste artistar og hjå meg høyrer du han på Missy Elliott sine plater Miss E…So Addictive frå 2001 og Under Construction frå 2002, i tillegg til Snoop Dogg si plate Paid Tha Cost To Be Da Boss, også den frå 2002. I 1976 døyde Tommy Bolin. I 1977 var det andre innspelingsdag til det som skulle bli Willie Nelson si Stardust-plate. Med hjelp av Booker T. Jones på tangentar og i kontrollrommet vart September Song festa til rullane. I 1979 var Toy Dolls innom og underheldt på Wine Loft i Sunderland. I 1981 stod eit AC/DC på Nord-Amerikaturné på scenen i Civic Centre i Providence. I 1987 var andre og siste innspelingsdag for AC/DC sin promovideo for Heatseeker. I 1993 døyde Frank Zappa. I 1998 døyde Egil Johansen. I 2001 slepte Limp Bizkit samleplata New Old Songs, som inneheld spanandes remixar av tidlegare innspelingar. I 2008 døyde Anna Parchel. I 2009 slepte Charlotte Gainsbourg si tredje studioplate, eit produkt som fekk tittelen IRM.
03.12.2017
Tredje desember
Tredje desember 1946 vart Albert Victor Malcolm fødd i engelske Newcastle Upon Tyne. Gitaristen Vic Malcolm spelte i Geordie, og kan i mi platehylle høyrast medan han trakterar gitaren på samleplata Can You Do It, som kom på marknaden i 1997. I 1948 vart The Prince Of Darkness, Ozzy Osbourne, fødd som John Michael Osbourne i den fattigslege bydelen Aston i den engelske storbyen Birmingham. Industriarbeidarsonen med den spesielle røysta slo på slutten av sekstitalet, og gjennom dei harde syttiåra, seg opp som songar saman med dei langhåra heltane i Black Sabbath, før han, i samarbeid med kona Sharon Osbourne (f. Arden) starta ei solokarriere som har sementert legendestatusen med sal av millionar av plater verda over. Hjå meg finn du Ozzy sine soloplater No Rest For The Wicked (1988), No More Tears (1991) og Ozmosis (1995), og konsertplatene Speak Of The Devil (1982), Tribute (1987) og Live & Loud (1993). I 1953 kom Duane Roland til verda i Jeffersonville i Indiana. Gitaristen Roland var ein av grunnleggjarane av Molly Hatchet og spelte med bandet fram til 1990. Hjå meg kan Roland høyrast på studioplata Flirtin’ With Disaster frå 1979 og konsertplata Double Trouble Live frå 1985. Roland døyde i 2006. I 1966 kom The Who singelen Happy Jack om mannen som budde i sanden på den tidlegare vikingkolonien Isle Of Man i Irskesjøen, og som nådde tredjeplassen på listene i førjulstida. I 1977 var Willie Nelson i studioet Enactron Truck og spelte gjorde innspelingar til albumet Stardust. Resultatet av arbeidet denne dagen var Unchained Melody og On The Sunny Side Of The Street. Produsent var Booker T. Jones. I 1980 var det dei frammøtte i New Shildon W.M.C i Shildon som fekk høyre Toy Dolls. I 1981 var AC/DC sin turné omsider nådd fram til Civic Centre i Hartford. I 1987 fekk AC/DC hjelp av regissøren David Mallet for å spele inn ein promovideo til låta Heatseeker. I 1989 vitja Toy Dolls Hippo i Valladolild. I 2001 døyde Grady Martin. I 2002 slepte EMI Europe samlinga 18 Classic Tracks på vegne av Ike & Tina Turner. I 2014 døyde Ian McLagan. I 2015 døyde Scott Weiland.
02.12.2017
Andre desember
Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn i New York City. I mi platehylle kan pianomannen Kelly høyrast medan han trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961, og på songen Freddie Freeloader på plata Kind Of Blue, som same Davis slepte i 1959. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann’s Earth Band, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready, som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet, som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1952 kom Rob Mounsey til verda i Berea i Ohio. I mi plathylle kan tangentmannen Mounsey høyrast på Paul Simon si plat Graceland frå 1986. I 1960 vart Ulf Risnes fødd i Trondheim. Risnes slo gjennom med bandet Tre Små Kinesere og kan hjå meg høyrast på plata Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1968 vart Nathan Gregor Mendel fødd i Richland i Washington. Bassisten Nate Mendel spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1978 vart Brian Chase fødd på Long Island i New York. Chase spelar til dagleg trommer i bandet Yeah Yeah Yeahs, som i mi platehylle er representert med plata Fever To Tell. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos. I 2009 døyde Eric Woolfson. I 2014 døyde Bobby Keys.
Fyrste desember
Fyrste desember 1944 kom Eric Bloom til verda i New York City. Blom er vokalist og gitarist i Blue Öyster Cult og kan hjå meg høyrast på plata Spectres frå 1977. I Los Angeles i California vart John Paul Densmore fødd. Trommisen John Densmore var ein av grunnleggjarane av The Doors, men har seinare vendt musikkbransjen ryggen. Hjå meg kan Densmore sitt taktfaste spel høyrast på samleplata Greatest Hits. I 1945 vart den amerikanske skodespelaren og songarinna Bette Midler fødd i den største og best kjende byen i stillehavsparadiset Hawaii, Honolulu. Midler skapte seg legendestatus for hovudrolla i filmen The Rose, som uoffisielt handlar om livet til Janis Joplin. Midler sitt bidrag til mi platehylle heiter Some People’s Lives og kom på marknaden i 1990. I 1951 kom John Francis Anthony Pastorius til verda i Norristown i Pennsylvania. Jaco Pastorius vert rekna som ein av tidenes beste jazz- og rockebassistar og vert gjerne hugsa frå tida med bandet Weather Report. I mi platesamling kan Pastorius sitt eminente basspel høyrast på Ian Hunter si plate All American Alian Boy frå 1976, og plata Hejira, som Joni Mitchell slepte i 1976. Bipolare Pastorius sleit etter kvart med store rusproblem og døyde etter å ha blitt sparka rått og brutalt ihjel av ein dørvakt i Fort Lauderdale i pensjoniststaten Florida i 1987. I 1963 vart Alberto Tafuri Lupinacci fødd i den italienske olympiabyen Torino. Pianisten Alberto Fafuri kan hjå meg høyrast medan han spelar for Fiorella Mannoia på plata Belle Speranza frå 1998. I 1965 spelte Johnny Cash inn Happines Is You, som etter kvart vart gjeven ut på eit album med same namn. Songen kan også høyrast på samleplata Love frå 2000, som prydar mi platehylle. I 1975 kom Isaiah Randolph Owens til verda i Long Beach i California. Tangentmannen Isaiah Owens spelar til dagleg i The Mars Volta og hjå meg høyrer du han på plata The Bedlam In Goliath frå 2008. I 1977 vart Bradford Phillip Delson fødd i Agoura i California. Gitaristen Brad Delson er ein av grunnleggjarane av Linkin Park og hjå meg kan han høyrast på studioplata Meteora, og på konsertplata Live In Texas, begge frå 2003. Same dag gav Aerosmith ut plata Draw The Line. I 1989 var Salamanca vertar for Toy Dolls.
Trettiande november
Trettiande november 1932 kom Bob Loyce Moore til verda i countryhovudstaden Nashville i Tennessee. Bassisten Bob Moore er ei legende i miljøet rundt Grand Ole Opry og kan i mi platehylle høyrast på utvalde spor på samleplata 30 #1 Hits, som dødsbuet etter Elvis Presley slepte i 2002. I 1943 vart David William Lyons fødd i engelske Mansfield. Bassisten Leo Lyons var sentral i Ten Years After og kan i mi platehylle høyrast på bandet si sjette studioplate Watt frå 1970. I 1945 kom Roger David Glover til verda i Brecon i Wales. Bassisten Roger Glover var sentral i Deep Purple og kan i mi platehylle høyrast medan han spelar på Deep Purple si studioplate Machine Head frå 1972, og konsertplata Nobody’s Perfekt frå 1988, samt samleplata Power House, som kom på den japanske marknaden i 1977. I 1953 vart David Sancious fødd i Ashbury Park i New Jersey. Multiinstrumentalisten Sancious spelte på dei tre fyrste studioplatene Bruce Springsteen gav ut, i mi platehylle kan han høyrast medan han spelar på samleplata More Than This This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som Bryan Ferry og kompisane i Roxy Music slepte på marknaden i 1995. I 1980 var Toy Dolls attende i Durham og kunne opplevast frå scenen i West Cornfort Club. I 1981 rocka AC/DC dei frammøtte i Ruff Arena i Lexington. I 1985 kunne universitetet i Nottingham helse Toy Dolls velkomen. I 1989 hadde Toy Dolls teke turen til Spania der dei stod på scenen i Chinatown i Madrid. I 1994 døyde Connie Kay.
Tjueniande november
Tjueniande november 1940 vart Seán Cannon fødd i irske Galway. Cannon har sidan 1982 vore vokalist i The Dubliners. Hjå meg kan Cannon si sprukne røyst nytast på konsertplata Live In Carré frå 1985. I den amerikanske hovudstaden Washington D.C. kom William Hart til verda. Trommeslagaren Billy Hart kan hjå meg høyrast på plata Tutu, som Miles Davis slepte i 1986. I Halifax på Nova Scotia vart Dennis Gerrard Stephen Doherty fødd. Songaren Denny Doherty var ein av grunnleggjarane av hippielegendene The Mamas & The Papas. Hjå meg kan Doherty høyrast på plata The Papas & The Mamas frå 1968. Doherty døyde i 2007. I 1947 kom Clare Torry til verda i England. Songerinna Torry er kjend for særeigen vokalhjelp på songen The Great Gig In The Sky på Pink Floyd si storselgjande plate Dark Side Of The Moon frå 1973. I San Francisco i California kom Ronald Douglas Montrose til verda. Gitaristen Ronnie Montrose har spelt med gitarlegender som Johnny Winter og Sammy Haggar, og hjå meg kan han høyrast medan han trakterar gitaren på utvalde spor på Van Morrison si samleplate The Philosopher’s Stone frå 1998. Montrose valde å ta sitt eige liv i 2012. I 1957 kom Heitor Teixeira Pereira til verda i Rio Grande i Brazil. Hjå meg kan Heitor Pereira sitt gitarspel høyrast på Simply Red si plate Stars frå 1991. I 1969 vart Lars Håvard Haugen fødd på Ål i Hallingdal. Gitaristen Haugen spelar til dagleg i Hellbillies og kan hjå meg høyrast på tre av bandet sine studioplater i tillegg til ei konsertplate. I 1975 fekk Neil Young hjelp av kompisane sine i Crazy Horse til å forevige godlyden som enda opp som songen Like A Hurricane. Dette skal ha skjedd på Broken Arrow Ranch. Plata American Stars’n Bars frå 1977 byr på denne perla. I tillegg kan ein sjølvsagt kjøpe plata Greatest Hits. I 1981 stod AC/DC på scenen i Richfield Coliseum i Cleveland i Ohio. I 1986 gav tidlegare Blondie-vokalist Debbie Harry ut den andre soloplata si, Rockbird, som var fyrste plate ho spela inn etter at Blondie skilte lag i 1982. I 1988 fekk platekjøparane høve til å kjøpe Guns n’ Roses si plate G N’ R Lies som var bandet si andre plate og inneheld fire tidlegare utgjevne livespor frå EP-plata Live ?!*@ Like A Suicide og fire akustiske spor som eigentleg var meint for Appetite For Destruction. Same dato i 1989 spela Toy Dolls i Chinatown i Madrid. I 2001 døyde George Harrison.
Tjueåttande november
Tjueåttande november 1949 vart musikaren og skodespelaren Paul Allen Wood Shaffer fødd i den kanadiske skimetropolen Thunder Bay. Mannen bak It’s Raining Men og musikken i Dave Letterman sitt bidrag til fjernsynsunderhaldninga kan hjå meg høyrast som ein del av kultbandet The Blues Brothers på konsertplata Briefcase Full Of Blues frå 1978, og på den blinde landsmannen Jeff Healey si plate Hell To Pay frå 1990. I 1960 kom Aslag Haugen til verda på Ål i Hallingdal. Haugen er gitarist og vokalist i Hellbillies og kan i mi platehylle høyrast på tre av bandet sine tidlege studioplater, i tillegg til ei konsertplate frå 1997. I 1962 kom Matthew David Cameron til verda i San Diego i California. Trommisen Matt Cameron held til dagleg takten for Pearl Jam og Soundgarden, og hjå meg kan du høyre han på Soundgarden-platene Badmotorfinger (1991) og Superunknown (1994). Cameron var også med i tributebandet Temple Of The Dog, som hjå meg kan høyrast med ei sjølvtituelert debutplate frå 1991, og han kan i ledige stunder også finnast bak trommene for Hater, som gav ut ei plate med same fantasifulle tittel som bandet i 1993. I 1970 gav våre beste venner frå Wolverhampton, Slade, ut plata Play It Loud. Platetittelen indikerer korleis bandet sjølv meiner musikken deira best vert formidla, og det er ei vurdering eg er heilt einig i. Produsent for denne gamle klassikaren var Chas Chandler. I 1978 platedebuterte kultbandet The Blues Brothers med A Breifcase Full Of Blues, eit meisterverk som nådde fyrsteplassen på den viktige Billboard 200-lista. I 1981 var eit AC/DC på Nord-Amerika-turné i Market Square Arena i motorsportbyen Indianapolis. I 1989 var Zeleste i den katalanske hovudstaden, Barcelona, åstad for ein Toy Dolls konsert. I 1993 døyde Jerry Edmonton. I 1997 døyde William «Smithy» Smith.
Tjuesjuande november
Tjuesjuande november 1942 vart Johnny Allen Hendrix fødd i Seattle i delstaten Washington på den amerikanske vestkysten. Johnny Allen tok seinare namnet James Marshall Hendrix, men er i ettertid best kjend som gitarguruen Jimi Hendrix. Jimi Hendrix revolusjonerte gitaren si tyding i moderne rock og har inspirert eit utal unge gitarheltar over heile verda. Hendrix døyde i 1970. Hjå meg kan gitarguruen høyrast på samleplatene Whipper, The Magic Collection og Cornerstones. I 1945 kom Randal Edward Brecker til verda i Cheltenham i Pennsylvania. Trompetisten Randy Brecker sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Paul Simon si plate Graceland frå 1986. I 1957 vart Thomas Johnson fødd i Thomasville i North Carolina. Plateprodusenten Johnson er i mi platesamling kreditert for å spele perkusjon på Rancid si plate Life Won’t Wait frå 1998. I tyske Burgsteinfurt kom Bertram Lutz Wilhelm Passman til verda. Trommeslagaren Bertram Engel er i mi platesamling kreditert som musikar på Robert Palmer si plate Rhythm & Blues frå 1999. I 1959 vart Charles Burchill til verda i skotske Glasgow. Charlie Burchill var ein av grunnleggjarane av Simple Minds, som herja platelistene på åtti- og nittitalet. Hjå meg kan Burchill høyrast på plata Real Life frå 1991. Burchill er også kreditert for bakgrunnsvokal på eit spor på Iggy Pop si plate Solider frå 1980. I 1960 kom Lorraine Crosby til verda i engelske Walker. Songerinna kjend som Mrs. Loud kan hjå meg høyrast med hjelpevokal på Meat Loaf si plate Bat Out Of Hell II: Back Into Hell frå 1993. I 1962 vart Charlie Benante fødd i The Bronx i storbyen New York City. Benante sine musikalske bidrag til mi platesamling er som hardtarbeidande trommeslagar i det amerikanske hardrockbandet Anthrax på studioplatene State Of Euphoria (1988) og Persistence Of Time (1990), og på samleplata Attac Of The Killer B’s frå 1991. På den andre sida av det nordamerikanske kontinentet, i California, kom Michael Andrew Bordin til verda i San Francisco i California. Trommeslagar Mike Bordin var ein av grunnleggjarane av Faith No More, i tillegg held han takten for Ozzy Osbourne ved behov. Hjå meg kan Bordin høyrast på FNM-platene Angel Dust (1992) og Album Of The Year frå 1997. I Hagerstown i idylliske Marryland vart Steven Eugene Grove fødd. Jazz-saksofonisten Steve Grove, som gjerne nyttar tilnamnet Euge Groove, kan i mi platehylle høyrast på plata Captain Swing, som Michelle Shocked slepte i 1989. I 1965 vart gitaristen Fiachna Ó Braonáin fødd i Dublin. Ó Maonlaí er fast medlem av det irske bandet Hothouse Flowers, som i mi platehylle er representert med studioplata Songs From The Rain frå 1993. Ó Braonáin sitt gitarspel kan elles høyrast på plata Arkansas Traveller, som Michelle Shocked slepte i 1992. I 1974 kom Tom Cato Visnes til verda. Visnes er best kjend under artistnamna King ov Hell, eller berre King og har spelt bass i det bergenske metallbandet Gorgoroth, men hjå meg er det som medlem i bergenske Sahg (Sahg III) og på den spelemanndekorerte plata No Hay Banda (2005) med Audrey Horne han kan høyrast. I 1979 hadde One Step Beyond sjuandeplass på singellistene. Bandet bak denne perla var galningane i Madness. I 1982 stod Our House for ein femteplass på listene. Det var Madness som fortalte om huset In The Middle Of Our Street. Same dag slepte Ozzy Osbourne konsertplata Speak Of The Devil, som var ei samling av gamle Black Sabbath-slagarar framført på The Ritz i New York tidlegare same år. Plata erstatta eit planlagt konsertopptak der gitaristen Rhandy Rhoads stod for underhaldninga, dette vart utsett på grunn av Rhoads sitt uventa dødsfall, men kom i butikkane seinare med tittelen Tribute. I 1987 var familien Timmins i spissen for det lågmælte kanadiske bandet Cowboy Junkies i Church Of Holy Trinity i Toronto, der dei spelte inn det som enda opp som plata The Trinity Sessions, som kom på marknaden året etter. I 1988 la Iron Maiden ut på ein englandsturne som inkluderte to utselde konsertar på Wembley Arena og enno tre i utskjelte, men likevel så myteomspunne Hammersmith Odeon.
Abonner på:
Innlegg (Atom)