10.11.2018

Nittande oktober

I 1944 kom Winston Hubert McIntosh til verda i dagslys i Westmoreland i den karibiske øystaten Jamaica. Reggaeartisten Peter Tosh starta karriera si saman med Bob Marley og Bunny Wailer og bandet The Wailers, men etablerte etter kvart ei stor og spanande platekarriere på eiga hand. Tosh vart kjend utanfor reggaemiljøet då han hadde ein stor hit med duetten Don’t Look Back saman med Rolling Stones-vokalisten Mick Jagger. Hjå meg kan Tosh høyrast på studioplata Wanted Dread Or Alive, samt samleplatene The Toughest og The Best Of Peter Tosh, frå 1999. Tosh er også kreditert for vokalbidrag på tidlegare Wailers-kollega Bob Marley sine samleplater Legend (1984), Collection Gold (1991), His Greatest Hits (1998) og This Is Bob Marley & The Wailers (2001). Tosh vart skoten i sin eigen heim i 1987.

Andre jubilantar
Vic Jordan (1938-2016)
Gloria Jones (1945)
Peter Solley (1948)
Daniel Woodgate (1960)
Meg Ryan (1961)
Pras Michel (1972)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar