I 1947
kom Warren William Zevon til verda i Chicago i Illinois. Warren Zevon flytta
til California som trettenåring, men etter foreldra si skilsmisse flytta han austover
til New York City for å verte visesongar. Frå 1965 leverte Zevon ei rekkje
kritikarroste plater og deltok på ei rekkje andre artistar sine produksjonar.
Zevon vert rekna inn i den ekslusive klubben av musikarfavorittar og var høgt
respektert i det amerikanske musikkmiljøet. Faktisk hadde han så høg stjerne
«over there» at då han ville fortelje fjernsynssjåarane at han hadde
uhelbredeleg lungekreft, rydda talkshowverten David Letterman plass til ein
heil time med Zevon. Hjå meg finn du den stjernespekka studioplata Sentimental
Hygiene frå 1987. Zevon døyde i 2003.
Andre jubilantar
Doug Kershaw (1936)
David Getz (1940)
Aaron Neville (1941)
Øystein Sunde (1947)
Warren Zevon (1947-2003)
Michael des Barres (1948)
John Belushi (1949-1982)
Hutch Hutchinson (1953)
Teijo “Twist Twist” Erkinharju (1962)
Tatyana Ali (1979)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar