05.04.2017

Femte april

Femte april 1926 vart Stanley Levey fødd i Philadelphia i Pennsylvania. Stan Levey var ein av dei tidlegaste Bebob-trommeslagarane og ein av få kvite slike. I mi platehylle er det som stødig rytmeseksjon for Chet Baker på samleplata Best Of Chet Baker Plays frå 1992 Levey kan høyrast. Levey døyde i 2005. I 1942 kom Harold Allan Clarke til verda i engelske Salford. Songaren Allan Clarke har ei fortid i The Hollies, saman med barndomskompisen Graham Nash, og kan i mi platehylle høyrast på samleplata 20 Great Love Songs. I 1948 kom James Leslie Binks til verda i nordirske Portadown. Trommeslagaren Les Binks har spela med mange av dei store engelske hardrocknamna og kan i mi platesamling høyrast medan han trommar takten for Judas Priest på studioplata Stained Class, som kom i sal i 1978, samt konsertplata Unlashed In The East, som kom på marknaden året etter, i 1979. Binks sitt trommespel kan også høyrast på utvalde spor på samleplatene Metal Works’73-’93 (1993) og The Essential Judas Priest (2006). I Wolverhampton, vart utruleg nok Binks sin erstattar David Holland fødd. Pederasten Dave Holland er dømd for valdtekt av ein syttenåring, men er for dei fleste kjend for å halde takten på den legendariske Judas Priest-plata British Steel frå 1980. I mi platehylle kan Holland sitt arbeid også høyrast på samleplatene Metal Works’73-’93 (1993), Simply The Best (1999) og The Essential Judas Priest (2006), i tillegg til den obskure konsertplata Concert Classics, som kom på marknaden i 2007. I 1950 vart den svenske songarinna Agneta Feltskog fødd. Frå basen i heimbyen Jönköping etablerte Feltskog ei songkarriere som fekk sitt fyrste store høgdepunkt då ho spela rolla som Maria Magdalena i Jesus Christ Superstar i 1972. Seinare slo Agneta seg saman med dei tre andre som til saman utgjorde ABBA og etter det tok suksessen berre av til ikkje ein gong taket kunne stogge dei, og det er berre å ta av seg hatten og gratulere med det denne Dancing Queen har oppnådd i musikken si verd. Hjå meg kan Fältskog høyrast på samleplatene Abba Gold (1992) og The Hits (1990). I 1966 kom Michael David McCready til verda i flybasebyen Pensacola i pensjoniststaten Florida. Gitaristen Mick McCready var ein av grunnleggjarane av Pearl Jam og kan i mi platehylle høyrast på bandet si debutplate Ten frå 1991, i tillegg til studioplata Vitaology frå 1994. McCready er også kreditert for å spele gitar på Temple Of The Dog si einaste studioplate, Temple Of The Dog, frå 1991. I 1967 fekk The Who produsenthjelp av Kit Lambert då dei var i IBC Studios i London for å spele inn Pictures Of Lily. I 1974 gav Johnny Cash ut plata Ragged Old Flag. Musikarane var The Tennessee Three som bestod av Carl Perkins på gitar, Larry McCoy og Ray Edenton. I tillegg steppa The Oak Ridge Boys inn og kora på somme av songane medan Earl Scruggs klimpra på banjo. I 1984 stod Toy Dolls på plakaten på Forum i Enger. I 1988 slepte Tracy Chapman si sjølvtitulerte debutplate. I 1991 avslutta Iron Maiden verdsturneen No Prayer On The Road i NHK Hall i Tokyo. Dette var tredje konsertkvelden på rad i same arena. I 1997 døyde Allen Ginsberg. I 1998 døyde Cozy Powel. I 2002 tok Layne Stanley ein overdose heroin og eit kort og hektisk liv i rocken si teneste var over. Dødsdatoen er omtrentleg og basert på rettsmedisinarane si fagleg kvalifiserte gjetting etter som det gjekk om lag fjorten dagar før Stanley vart funnen. I 2012 døyde Barney McKenna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar