02.12.2016

Andre desember

Andre desember 1931 vart Wynton Kelly fødd i Brooklyn i New York City. I mi platehylle kan pianomannen Kelly høyrast medan han trakterar tangentane for trompetlegenda Miles Davis på plata Someday My Prince Will Come frå 1961, og på songen Freddie Freeloader på plata Kind Of Blue, som same Davis slepte i 1959. Kelly døyde i 1971. I 1941 kom Tom McGuinness til verda i tennismetropolen Wimbledon. McGuinness, som også har ei fortid i Manfred Mann’s Earth Band, var med å starte The Blues Band i 1979 og kan i mi platehylle høyrast på platene Official Blues Band Bootleg Album frå 1979, Ready, som kom på marknaden i 1980, Itchy Feet, som stogga så langt nede som på sekstiandeplass på dei engelske listene i 1981, og Brand Loyality frå 1982. I 1952 kom Rob Mounsey til verda i Berea i Ohio. I mi plathylle kan tangentmannen Mounsey høyrast på Paul Simon si plat Graceland frå 1986. I 1960 vart Ulf Risnes fødd i Trondheim. Risnes slo gjennom med bandet Tre Små Kinesere og kan hjå meg høyrast på plata Tro, Håp & Kjærlighet frå 1996. I 1968 vart Nathan Gregor Mendel fødd i Richland i Washington. Bassisten Nate Mendel spelar til dagleg i Foo Fighters og kan hjå meg høyrast på plata The Colour And The Shape frå 1997. I 1971 gav Led Zeppelin ut singelen Black Dog med Misty Mountain Hop på B-Sida. Plata klatra til femtande plassen på dei amerikanske listene. I 1978 vart Brian Chase fødd på Long Island i New York. Chase spelar til dagleg trommer i bandet Yeah Yeah Yeahs, som i mi platehylle er representert med plata Fever To Tell. I 1980 la Madness seg inn på ein fin fjerdeplass på listene med Embarresment. Den legendariske arenaen Madison Square Garden i New York er kan hende mest kjend for boksekampar med avtalt utfall, men i 1981 var det AC/DC som var hovudattraksjonen då scenelysa kom på. I 1989 stod Toy Dolls for larm og lyd i Sala Rancho Bill i Burgos. I 2009 døyde Eric Woolfson. I 2014 døyde Bobby Keys.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar