21.06.2015

Fjortande juni

Fjortande juni 1943 vart Dewey Lindon Oldham fødd i Center Star i Alabama. Pianisten Spooner Oldham er godt kjend for samarbeidet med superstjerna Neil Young og kan i mi samling høyrast på studioplatene Comes A Time (1978) og Silver And Gold (2000). Det eminente tangentspelet til Oldham kan også høyrast på Bob Seger si plate Beautiful Loser (1975), og Closer To The Truth, som var Tony Joe White sitt bidrag til platehyllene i 1991. Oldham er også kreditert for å traktere pianoet på utvalde spor på samleplatene The Very Best Of Aretha Franklin Vol 1. (1994), og Classics (J.J. Cale, 1999). I 1945 kom Rodney Terence Argent til verda i engelske St. Albans. Rod Argent var ein av grunnleggjarane av The Zombies, hjå meg kan han høyrast med tangentspel på The Who si plate Who Are You frå 1978. I 1948 kom Steve Hunter til verda i Decatur i Illinois. Gitaristen Hunter kan hjå meg høyrast på plata Billion Dollar Babies, som Alice Cooper slepte i 1973. I 1949 kom Alan White til verda i Pelton i Nord-England. Trommeslagaren White har heldt takten for Joe Cocker og ei rekkje andre britiske artistar, men er best kjend for arbeidet han gjorde saman med proglegendene Yes. Hjå meg finn du White si tromming på Yes si studioplate Going For The One frå 1977. I Wolverhampton vart James Whild fødd. Bassisten Jim Lea kom til verda på ein såpass eksotisk stad som skjenkestova Melbourne Arms, om jordmora var ein ølhund seier ikkje soga noko om. Då Holder sa G’bye t’Jane og Slade byrja å samle gullplater verda over var Lea si lukka skapt. Hjå meg kan Lea høyrast studioplatene Play It Loud (1970) og Slayed (1972), konsertplatene Slade Alive (1972) og Slade On Stage (1982), i tillegg til samleplata The Slade Collection ’81-87. I 1952 vart Trond-Viggo Torgersen fødd i Oslo. Lækjaren, skodespelaren og komikaren Trond-Viggo Torgersen sitt bidrag til mi platehylle er ei samleplate som heiter Trond-Viggos Beste, og vart tilgjengeleg i 1997. I 1954 kom den italienske filosofen, miljøaktivisten og rockeartisten Gianna Nannini til verda i Siena. Eg har ei større samling av Nannini-plater enn det som godt er, men er faktiske ganske stolt av at eg oppdaga denne artisten ein gong på byrjinga av åttitalet, og sjølv om eg ikkje har konkrete planar om å utvide samlinga, kjem dei gamle klassikarane fram med jamne mellomrom. I platehylla finn du studioplatene Gianna Nannini (1976), Una Radura (1977), California (1979) G.N. (1981), Profumo (1986), Malafemmina (1988) og Scandalo (1990), konsertplatene Tutto Live (1985) og Giannissima (1991), samt samleplata Maschi E Altri (1987). I 1957 kom Chad Cromwell til verda i Paducha i Kentucky. Trommisen Cromwell er best kjend for arbeidet han har gjort saman med Neil Young, og hjå meg kan han høyrast medan han held takten på studioplatene This Note’s For You som på marknaden i 1988, og Living With War som vart stabla i platehyllene i 2006. I 1959 vart William Henry Marcus Miller Jr fødd i Brooklyn i New York City. Multiinstrumentalisten Marcus Miller er stor stjerne på jazz-scena, og hjå meg kan denne eminente musikaren høyrast medan han spelar både bass og keyboard på Miles Davis sine plater Tutu, som kom på marknaden i 1986, og Amandla frå 1989. Miller er også kreditert for å spele på utvalde spor på samleplata More Than This – The Best Of Bryan Ferry And Roxy Music, som kom på marknaden i 1995. I 1963 kom Christopher Lee DeGarmo til verda i Wenatchee i delstaten Washington. Gitaristen Chris DeGarmo er ein av grunnleggjarane av Queensrÿche og i mi platesamling kan du høyre gitarspelet hans på debutplata The Warning (1984), samt studioplatenen Empire (1990) og Hear In The New Frontier (1997). I 1965 kom Michael Scaccia til verda i Babylon i delstaten New York. Gitaristen Mike Scaccia spelte i Ministry og hjå meg kan han høyrast på konsertplata In Case You Didn’t Feel Like Showing Up frå 1990. Scaccia døyde på scenen i 2012. I 1966 vart Roger Matthew Freeman fødd i universitetsbyen Berkley i California. Bassisten Matt Freeman spelar til dagleg i Rancid og kan i mi platehylle høyrast på studioplatene Life Won’t Wait (1998), Rancid 2000 (2000) og Indestructible (2003). I 1968 kom Guy Sigsworth til verda. Klassisk skolerte Sigsworth er i mi platehylle å høyre med gitar- og tangentspel på Madonna si plate Music frå 2000. Aretha Franklin slepte plata Aretha Now, Jimi Hendrix Experience nytta dagen i studio til å spele inn Have You Ever Been (To Electric Ladyland). Plata med same namn kom på marknaden i september same år og fekk ein fyrsteplass på listene. I 1970 vart Chris Chaney fødd i Mill Valley i California. Bassisten Chaney har ei fortid i Jane’s Addiction, hjå meg høyrer du han med drivande godt basspel på Alanis Morissette si plate Supposed Former Infatuation Junkie frå 1998. I 1973 kom Gay-Yee Westerhoff til verda i engelske Kingston upon Hull. Cellisten Westerhoff sitt bidrag til mi platehylle kan høyrast på Primal Scream si plate XTRMNTR frå 2000. I 1980 spelte Toy Dolls sin femtiande konsert. Jubileet vart markert i Seaham Labour Club i Sunderland. Same kveld stod Bob Seger & The Silver Bullet Band på scenen i Cobo Hall i Detroit i Michigan. I 1982 tok Bier Cellar i Newcastle i mot Toy Dolls. I 1993 slepte Manic Street Preachers si andre studioplate, Gold Against The Soul. I 1994 slepte Arrested Development si andre studioplate, Zingalamaduni. I 1995 gjekk Rory Gallagher bort så alt for tidleg. I 2000 døyde Paul Griffin på denne dagen. I 2014 spelte Blood Command på Magic Mirror-scenen på Bergenfest, varmt og klamt både for artistar og fans. Dette var underskrivne sitt fyrste møte med bandet og det gav meirsmak. Kveldens største trekkplaster, indistjernene Franz Ferdinand måtte avlyse sin konsert etter at ein av bandmedlemmene hadde eit særs ublidt møte med ein handfull nøtter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar