02.01.2015

Andre januar

Andre januar 1946 vart Michael George Churchill fødd i engelske Ilkeston. Tangentmannen Chick Churchill er best kjend for å spele i Woodstock-legendene Ten Years After og kan i mi platehylle høyrast på legendene si sjette studioplate, Watt, frå 1970. I 1954 kom John Barlow Jarvis til verda i Pasadena i solfylte California. Pianisten og komponisten Barlow Jarvis har hausta nominasjonar og utmerkingar på eiga hand, hjå meg kan han høyrast på George Jones si studioplate Walls Can Fall (1992), og på Steve Earle si studioplate Copperhead Road (1988), og utvalde spor på samleplata The Collection, som kom på marknaden i 2002. I 1966 kom Niko Röhlcke til verda. Den svenske musikaren Röhlcke spelar til dagleg i Weeping Willows og kan i mi platehylle høyrast på bandet si tredje studioplate, Into The Light frå 2002. I 1975 vart Børge Fjordheim fødd på Randaberg. Trommisen Fjordheim er ein av Morten Abel sine faste samarbeidspartnarar, i tillegg til at han spelar i ei rekkje andre band, og kan i mi platehylle høyrast på Abel si studioplate Here We Go Then, You And I frå 1999. I 1978 døyde Andrew Walter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar