18.11.2014

Attande november

Attande november 1949 kom Herman Erbel til verda i tyske Schmelz. Herman «Ze German» Rarebell spelte trommer på åtte Scorpions-plater frå 1977 til 1995 og kan hjå meg høyrast på plata Crazy World frå 1990. I 1950 vart Rodolfo Maximiliano Sarzo Lavieille Grande Ruiz Payret y Chaumont fødd i Havanna på Cuba. Bassisten Rudy Sarzo har ein imponerande CV frå store delar av heavy metal-bransjen. Hjå meg kan Sarzo sitt basspel nytast på Ozzy Osbourne sine konsertplater Speak Of The Devil, frå 1982, og Tribute (1987). I 1960 vart anonyme Kim Smith fødd i London. Kim Wilde har gjeve ut ei rekkje plater opp gjennom åra, men gjer det i dag like greitt som landskapsarkitekt. Kim Wilde prydar mi platehylle med plata Love Is frå 1992. I 1962 kom Pelle Jerker Ossler til verda i svenske Bjuv. Gitaristen Pelle Ossler er ein merkert storleik i svensk musikkliv. Hjå meg kan Ossler høyrast på Thåström si sjette soloplate Kärlek Är För Dom frå 2009. I 1963 kom gitaristen og pianisten Thomas Darnal til verda. Darnal har gjort seg merkt i det franske punkrapbandet Mano Negra og hjå meg kan han høyrast på platene Puta’s Fever (1989), King Of Bongo (1991) og Casa Babylon (1994). I San Francisco vart Kirk Lee Hammet fødd. Gitaristen Kirk Hammet slo seg saman med Metallica i 1983 og hjå meg kan han høyrast på platene Ride The Lightning (1984), Master Of Puppets (1986), …And Justice For All (1988), Metallica (1991), Load (1996) og St. Anger (2003). I 1972 døyde Danny Whitten av ein overdose av den alltid like usunne blandinga av alkohol og valium, The Needle And The Damage Done. I 1981 slepte Joan Jett plata I Love Rock’n Roll, som produserte megahiten med same namn. I 1983 avslutta AC/DC innspelinga av videoen til For Those About To Rock (We Salute You). Regissør var Derek Burbridge. I 1986 spelte Toy Dolls på Big Ban i Kyoto. I 1993 var Nirvana i Sony Studios i New York og spela inn konserten som skulle ende opp som plata Unplugged In New York. Oppdragsgjevar var fjernsynskanalen MTV. I 1995 hadde Brixton Academy i London vitjing av Ozzy Osbourne med følgje. I 1997 gav AC/DC ut ein CD-Box med fem plater til minne om den avdøyde vokalisten Bon Scott. Boksen inneheld liveopptak og raritetar frå starten tidleg på syttitalet og fram til Scott døyde i 1980. Og som om det ikkje var nok, bydde denne dagen plateslepp frå Paul Simon og Erykah Badu. Produkta som vart tilgjengeleg denne dagen hadde namna Songs From The Capeman (Simon) og Baduizm Live (Badu). I 1999 døyde tex-mex songaren Doug Sahm. I 2003 slepte Linkin Park konsertplata Live In Texas. Plata inneheld i tillegg ein konsert-DVD med bandet, mykje grom musikk for pengane med andre ord. I 2007 døyde John Hughey.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar